Då eg var student i 2000-åra bygde studentsamskipnaden i Oslo hyblar i kornsiloen ved Akersevla. Arkitektarbeidet var for seg gjort, og folk trengte husrom.
No vil regjeringa byggja opp igjen beredskapslager for matkorn for at me skal kunna klara oss utan import i tre månader. Me har ikkje lenger ubegrensa tillit til at kapitalbeholdning og verdsmarknaden vil sikra oss mat på bordet til ei kvar tid.
I byrjinga av 2020-åra vart forskarar frå Ukraina med i eit europeiske prosjekt om urbant landbruk. Etter fullskalainvasjonen i 2022 har dei samla inn unike data om lokal matproduksjon i ein krigssituasjon. Desse erfaringane fortalde sosiolog Oleksandra Deineko ved OsloMet om på føredrag for Sopp- og nyttevekstforbundet i januar.
Redsla for matmangel i Bodø er ikkje påtrengande, og verdifull jordbruksjord blir gravd opp og lagt under betong både i år, i fjor og i åra før. Bodø andelslandbruk, Fenes fellesåker og REKO-ringen er meir ei glede for mat entusiastar enn ein sentral del av matforsyninga for folka i denne byen.
Men likevel. Tidene endrar seg, og kanskje er tida moden for å produsera meir av maten vår sjølv? I forskingsformidlingsprosjektet Muligmat har eg, i lag med kollegar, fått høve til å læra meir om lokal matproduksjon. La meg vidareformidla nokre av dei viktigaste læringspunkta:
- Me kan dyrka mykje meir av maten vår i Noreg enn eg trudde. Faktisk opp mot 80 %, i følgje utrekningar frå kollega Bjørn Vidar Vangelsten.
- Eit berekraftig kosthald betyr at me må eta litt mindre kjøt og litt meir lokalproduserte grønsaker og belgvekstar, til dømes bondebønner – som er skikkeleg godt!
- Lokalmat gjev oss kontakt med kor maten kjem frå og arbeidet som skal til for å produsera han.
- Folk likar tanken på å kjøpa lokalproduserte varer, men når alt kjem til alt er det kvardagen – og uroa over mangel på tid eller pengar – som avgjer kva me kjøper med oss.
- Lokalmat gjev oss tilgang til tradisjonsrike produkt så vel som nyskaping, og på denne måten kan me nyta eit større mangfald i kosten.
- Lokal matproduksjon skaper aktivitet i bygdene, og inntektene aukar sjansane for at den neste generasjonen vil ta over gardsdrifta.
- Reiselivs- og restaurantnæringa og institusjonskjøkkena speler ein viktig rolle når det gjeld etterspørsel etter lokalmat.
- Med lokal matproduksjon blir arealkonfliktar synlege og tydelege: utbyggingsprosjekt i utmarka reduserer beiteareala til reindrifta og sauenæringa. Dette kan gjera det vanskeleg eller umogleg å produser kjøt lokalt.
Det er dei nasjonale politiske prioriteringane som har mest å seia for kva mat me produserer, kor matproduksjonen skjer og kven som gjer jobben. Men i rolla som innbyggjar og forbrukar er det også fleire ting du kan gjera. Her er mine tips:
- Les kor produktet kjem ifrå før du kjøper, og velja det som er produsert nærast heimen din.
- Dersom du har økonomisk rom til det, så ikkje la prisen vera det einaste som avgjer kva du legg i handlevogna.
- Prøv ut egenprodusert og sjølvsanka mat frå lokalmiljøet. Legg lista lågt – ein pallekarm og eit bringebærkratt om gongen.
Foto: Marta Anna Løvberg
Kronikken vart først publisert på AN.no 22. april 2026.
