Når eg er på besøk på Sandnes syklar eg på mamma sin elsykkel på den nye sykkelstamvegen. Denne vegen har eit romsleg felt i kvar retning og gul midtstripe, slake svingar, jamne stigningar, tunellar gjennom fjellet, av- og påkøyringsfiler, tydeleg skilting langs vegen som syner avstanden til dei ulike stadene. Det er som ein bilveg i miniatyr.
Miniatyrvegen gjev meg kjensla av å vera barn igjen, i Kongeparken, kor dei hadde ein by i miniatyr med vegar som såg akkurat ut som ekte bilvegar berre mindre. Her kunne me ungar få køyreopplæring, sertifikat og køyra rundt i trafikken. Vegane hadde på- og avkøyringsfiler, to felt med gul midtstripe, små trafikklys og skilt for vikeplikt og gangfelt og så bortetter. Eg syns det var magisk. Dette var vår veg; unganes veg. Dei vaksne var ein annan stad.
Eg likar Nord-Jæren betre når eg kan sykla i staden for å køyra rundt på dei grusomme motorvegane og trafikkmaskinane som no dekkar store delar av det som ein gong var myr og matjord. Dei motorvegane gjev meg ei akutt kjensle av meiningstap og dystopi, litt som å køyra inn på parkeringsplassen til City Nord i Bodø.
Men på det kraftig oppgraderte sykkelvegnettet på Nord-Jæren kosar eg meg og tenkjer at denne regionen ikkje er heilt uleveleg likevel. Det er berre når eg skal ha med ein flokk med ungar – som ikkje har syklar tilgjengeleg her – at eg tyr til bilen.
Men det blir ingen bussturar når eg skal på restaurant i Stavanger eller skriva på kafe i Sandnes. Då er det sykkel som gjeld. Sjølv dei 15 kilometrane til Stavanger går raskare enn buss når ein reknar inn venting og turen att og fram til busstoppet. Nei, gje meg ein elsykkel og ein sykkelstamveg! Ein rådyr elsykkel og ein sykkelstamveg i milliardklassen er alt eg ber om.
Det einaste som kan vera litt deprimerande er kor utruleg få folk det er som syklar på denne vidunderlege sykkelvegen. Sjølv når bilane står bom stille i rushtida er det ikkje særleg trongt om plassen på sykkelvegen, sjølv om me syklistar susar forbi heile bilkøen.
Randaberg-Lura til dømes, tek 20 minutt utan kø men over ein time når trafikken står stille. Det tek med andre ord lenger tid enn å sykla den vakre og fredelege grusvegen i skogen langs to store vatn, over marker og jorder på ein nydeleg sykkelveg før ein treff på den effektive sykkelstamvegen. Kva er det som er så attraktivt med å stå i bilkø? Eg kan ikkje for mitt bare liv forstå kvifor dette med privatbilisme har slått slik an.
Når eg køyrer forbi sykkelteljaren ser eg at det er om lag 700 pluss syklisitar som syklar forbi på kvardagane, og rundt 500 på helgedagar. I Bodø er det i underkant av to hundre på helgedagar og mellom to og tre hundre på kvardagar utan snø som syklar forbi teljaren på hovudsykkelstien. Ingen av delane er særleg mykje. Eg skulle ikkje stått mange minutt på bruene over bilvegane for å telja hundrevis av bilar. Ingen har sett opp ein bilteljar. Det ville nok ikkje vore så oppmuntrande, men det ville tydeleggjort galskapen.
Eg likar å tenkja at dei 700 folka som syklar stamvegen kvar dag berre er fortroppen. At det berre kjem til å ta litt tid før folk flest skjønar kor lettvint og kjekt det er å sykla. Kor nydeleg det er å starta dagen på elsykkel med lett fysisk aktivitet, vind i ansiktet og god flyt i tankane. Kor mykje betre det kjennest enn å stå i frustrerande bilkøar.
Eg er viss på at dette berre er byrjinga! Om ikkje lenge blir det tendensar til kø også på sykkelvegen, medan bompengane for å bruka den meiningslaust arealkrevjande motorvegen stadig aukar, utan at særleg mange tenkjer på det fordi dei ikkje ville drøyma om å køyra bil uansett. Privatbilisme er passé. Bilane skal på historiens skraphaug. Dei fancy – snart sjølvkøyrande – elektroniske, elektriske metallboksane tunge som elefantar vil bli koda for sjølvdestruksjon om 10-9-8-7…
Foto: Helga Eggebø
