Lyset i mørketida

Det er på tide å oppklara ei utbreidd misforståing blant dykk der nede i Sør-Noreg: Det er ikkje fullstendig stappmørkt heile døgnet her nord i den såkalla mørketida. 

Sjølv rundt vintersolverv er det ein god del timar med ordentleg dagslys, på heile fastlandet (på Svalbard har eg ikkje vore på vinteren, så der veit eg ikkje heilt). Sola går rett nok ikkje opp over horisonten, men som erstatning får ein kontinuerleg soloppgang/solnedgang som varer heile dagen. Det er oransje, raudt, gullgult, grønt og alle slags nyansar av blått. Heile dagen kan vera eit einaste timelangt lysshow.

IMG_0183

På Finnmarksvidda, like ved Alta, blir det eit slags lys (nok til at det ikkje løner seg å gå med hovudlykt) innan halv ni. Allereie åtte er det lyst nok til å sjå fjell og konturar i landskapet. Midt på dagen er det heilt lyst viss der er klårvêr. Så blir det relativt kjapt mørkt mellom ett og to. Med andre ord, mange timar til å gå på jakt eller sette opp snarerer, slik som på biletet under, eller kva enn ein skulle ha lyst til å bruka dagslyset til.

P1000538

Lyset i mørketida er heilt magisk. Det er kanskje ikkje så langvarig, men det er langt vakrare og meir spekatulært enn midnattsola, mailyset og sommarnettene til saman.

P1050116

Når dagslyset til slutt gir seg, kan det ta heilt av. I mørketida er det mange timar til å jakta på det berømte nordlyset. Jo fleire timar utan dagslys, jo meir nordlys. Folk reiser halve jorda rundt for å oppleva det, og det er det verd. Midnattsola kan gå heim å leggja seg (noko ho per definisjon ikkje gjer), spør du meg.

DSC_0114

Dersom det er måne, blir det tidvis ljost som dagen. Eller, fargane er ganske annleis, men ein ser alt. Fjella kastar skugge, ein sjølv òg, og hovudlykt har ein absolutt ikkje bruk for. Eg veit at konseptet fullmåne finst sørpå også, men det er verd å nett nemna kor spektakulært det kan vera.

P1050447

Rett nok finst det gråe dagar med lågt skydekke og snø i lufta. Då kan ein få kjensla av å vera med i ein svart-kvittfilm, og det blir aldri heilt lyst. Men slike dagar hugsar eg då vitterleg frå Bergen òg.

P1050117

Det er god tid til å finna på mykje fint i det lyset som er. Men det er klart at det blir litt verre når ein er på jobb frå åtte til fire. Mørkt når ein kjem og mørkt når ein går. Nett som på Vestlandet, og her nord har me no i alle fall (meir) snø. Det gjer heile forskjellen når det kjem til lys.

P1050093

Bileta er tekne av Magnus Dybvik Algot Peterson, Eli Børve og eg sjølv, mellom anna på nyttårsturen me var på i Vestrelvdalen i 2009. Du finn mange fleire fantastiske bilete av fjell og lyset i nord på bloggen til Algot.

 

2 thoughts on “Lyset i mørketida”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content