No er me her igjen og tida mellom virkar så kort

No er me her igjen. Landet – og mykje av livet – er stengt ned, stengt inne, stengt. Plutseleg virkar pausen me har hatt i vår, sommar og haust så kort. Tida i mellom har krympa og minna om nedstenginga i mars er så nære.

20200313_172431

I helga stod eg på ein lekeplass med to treåringar, ein baby på magen og ein annan forelder. Vinden stod på frå vest, det var grått i vêret, kaldt og surt og plutseleg byrja det hagla. Me søkte ly under eit lekestativ, men det var ikkje veldig mykje hjelp i det. Akkurat slik stod eg i april også. På den same lekeplassen, med baby, to treåringar og ein annan forelder. Det var ikkje særleg kjekt å vera ute for nokon, det var berre det at alle vart fullstendig galne av å vera inne heile dagen. Og når me var ute med den eine leikekameraten dei fekk lov å ha, så kunne dei i alle fall vera to ungar ei lita stund. På den lekeplassen på laurdag kjendest det som om tida mellom mars og no på eit knips hadde blåse og regna bort. Det var nesten som om eg hadde stått der heile tida, som om livet ikkje var noko anna enn å stå på lekeplass i uvêr.

20200318_085359

Eg vart så utruleg letta då barnehagane opna igjen etter påske. Det var som om livet byrja på nytt, nesten. Eg var så roleg og lukkeleg den dagen då det endeleg berre var Ingeborg og meg i huset. Ho sovna i vogga på føremiddagen og eg kunne setja meg i gyngestolen med ein kopp kaffi og ei kanelbolle. Det var lukka på jord. Eg trakk eit stort og letta sukk og skuldrane kunne senkja seg.

93910150_2581089851991521_7713086111936937984_n

Når eg og Ingeborg altså endeleg fekk permisjonen vår i fred, og ein til og med så smått kunne treffa folk, syns eg livet var ein fest. Frå og med midten av april var vêret nesten berre fint, sånn som eg hugsar det. Eg var på tur nesten kvar einaste dag og farta rundt i nærområde med bilen og oppdaga nye stader. Særleg Seines – med Høgnakken, Skagodden og vakre strender – var fantastisk, eit uoppdaga territorium.

20200519_121009

Det beste av alt var at min gamle gode venn Hanna (min due! mitt livs ullstjerne!) også hadde permisjon i lag med si vidunderlege Brita. Natur, tur, bestevenn og to skjønne ungar. Våren og forsommaren var fabelaktig, og heile koronanedstenginga forsvann i horisonten bak meg. Det var ingen grunn til å sjå seg tilbake og all grunn til å springa lyset og våren i møte.

20200429_124157

Det var først i august at eg tok inn over meg kor hardt det hadde vore med korona barsel og barnehage. Me hadde kome heim frå Sandnes, men dessverre bestilt alt for lang ferie frå barnehagen. På toppen av det heile var det tre planleggingsdagar – som me sjølvsagt hadde gløymt – den dagen me hadde tenkt han skulle byrja igjen. Dermed var me heime heile familien og måtte finna på noko kvar einaste dag, stort sett berre oss sidan alle andre anten var bortreist eller hadde byrja på jobb og i barnehage igjen. Situasjonen byrja likna veldig på koronastengt. Då fekk eg meg ein skikkeleg smell. Dette orka eg ikkje! Det hadde vore så alt, alt for slitsamt for meg i mars og april!

12. mars var nemleg min andre dag i foreldrepermisjon, og i staden for å rusla høggravid rundt i skiløypene, baka brød og laga fiskekaker – slik eg hadde gjort i 2017 – måtte eg henta i barnehagen. Eg hadde heimebarnehage, medan Marius hadde heimeundervisning med elevar, kvar einaste dag fram til den dagen Ingeborg vart fødd. Dei første ti dagane greidde eg på eit vis å halda motet oppe. Men dagane før fødsel var ganske uuthaldelege og heile situasjonen var alt for mykje for meg.

IMG_0002

Eg fødde Ingeborg akkurat då smittetala var på sitt høgaste i mars. Heldigvis fekk Marius vera med på fødselen. Men eg kjenner andre som fødde same veka og som ikkje var så heldige. Etter 24 timar på barsel reiste me heim. Sjukehuset var ikkje ein stad me hadde lyst til å vera lengre enn det som var heilt naudsynt. Men det var hardt å koma heim til ein 3-åring som også trengte så mykje frå meg. Eg fekk aldri nok fred i lag med Ingeborg. Marius og Magnus var aldri lenge nok ute. Kor skulle dei gå og kva skulle dei gjera i storm, regn, sludd og hagl?

IMG_0186

Me hadde fine dagar også i barseltida. Det gjekk ikkje mange dagane før heile familien var ute på tur. På Mjelle med bål og barnevogn, i snødrev i gapahuk i Mørkvedlia.

IMG_0155

Det er sjølvsagt ikkje naudsynt å halda på sånn i barseltida, men for meg var det trivsel og meistring at me kom oss ut. Det hjelpte, og eg vart glad av det. Fødselen hadde gått veldig lett – til fødsel å vera – så kroppen kom seg fort i grei stand igjen.

IMG_0117

Men no er me altså her igjen. Eller, det er ikkje det same så lenge barnehagen er open, og fordi Ingeborg no er blitt sju månader. Men eg hadde trengt å treffa meir folk, ikkje færre. Eg hadde trengt å koma meg ut, på konsert, i klatrehallen og på besøk, ikkje sitja meir heime. Småbarnskjernefamilieliv i einebustad er isolerande nok i seg sjølv. Eg trong ikkje meir av det akkurat no.

Det er mange stader i verda der situasjonen er mykje verre enn i Noreg, i Bodø, på Nordlandsforskning og i Mellommyra barnehage. Det er like mykje Ingeborg som held meg heime på kveldane som korona. Eg tenkjer at det nok er verre å vera student i 20-åra på hybel i ein framand by, å bu åleine eller å bu på sjukeheim. Men det er stusseleg at lillebror Håkon og familien måtte avlysa besøket, at me berre omgås kollegar på avstand i gangen, at me må avgrensa kven i nettverket vårt me treff. Og det hjelpte ikkje med to veker med storm, regn, hagl, og at mørketida er over oss.

Eg orkar eigentleg ikkje ein runde til. Eg orkar ikkje tenkja på kor slitsamt og vondt det var i mars. Pausen me hadde i sommar verkar så alt for kort. Tida mellom har krympa. Kor lenge skal det vera slik som dette? spør eg vestavinden.IMG_0004

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content