Bilde av omslaget på boka Kollektiv kvalitativ analyse av Helga Eggebø. Omslaget har grafiske element sett saman til ein mosaikk i blått, grårosa, svart, grå og brun.

Ny bok: Kollektiv kvalitativ analyse

Skal du gå i gang med å analysera kvalitative data? Intervju, feltarbeid eller dokumentanalyse? Har du opplevd å sitta der med side opp og side ned med transkriberte intervju og lurt på kva du skal gjera? Du er ikkje åleine.

Mange erfarne forskarar har skildra kjensler av overvelden og uvisse i møte med hundrevis av sider med transkripsjonar og feltnotat. Korleis skal ein gå i gang med å analysera alt dette?

Kollektiv kvalitativ analyse er eit svar på det spørsmålet. Det er ein metode for å koma raskt i gang med analysearbeidet i staden for å bli sittande i uvissa. Metoden har fem trinn:

  • Datareduksjon
  • Felles gjennomgang av datamaterialet
  • Idemyldring
  • Sortering og drøfting av tema
  • Disposisjon og arbeidsplan

Analyse er eit handverk som du lærer best i lag med andre. Derfor er kollektiv kvalitativ analyse ein workshopmetode utvikla for å analysera eit datamateriale i lag, med til dømes studentar, ph.d.-kandidatar, forskarar eller rettleiarar.

Eg har utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse basert på mange års erfaring med analysearbeid i lag med andre forskara, ph.d.-kandidatar og studentar. No er boka tilgjengeleg for sal ved norske bokhandlarar, og undervisarar ved universitet og høgskular kan bestilla eit gratis vurderingseksemplar.

Foto: Omslag og design av Kristin Berg Johnsen, Cappelen Damm Akademisk.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content