Solbærbusken spirer tidleg. Det er som om knoppane har meint at det er vår for lengst, og har byrja strekka seg lengre og bli kraftigare medan sludd og hagl endå piska gjennom lufta jamt og trutt. Det kjølege vårlyset, og eit solgløtt innimellom, var nok til å kjenna livets saft brusa gjennom greinene og opp i knoppane.
Denne busken, frå den gamle rota utføre sjåen ved det gamle huset utføre den vesle grenda, skal ha stell. Eg skal klippa mesteparten av dei nye greinene frå i fjor og ein god del av dei gamle. Det angar av solbær når eg kuttar greiner og legg dei i ein haug ved sida av den siste snøflekken i hagen.
Å skjera greiner omsorgsfullt
Busken struttar av livkraft og vilje til liv. På ingen måte mindre no når han har mange færre greiner enn i vinter. Dei avkutta greinene får liggja ute i den kjølege våren.
Etter ei veke eller to stikk eg nasen i det grønet solbærlauvet på veg ut og opp og fram. Det har ikkje fått strekt seg ut endå, men det er på veg. Aldri har det vel lukta meir intenst av solbær.
Dei avkutta greinene ser like fine ut som dei som er på busken. Eg skal setja dei i vatn så dei får små, tynne, kvite, sprø og friske røter.
Solbærbladsaft
Kanskje tek eg nokre nevar av det grøne, krøllete lauvet som strekk seg sakte mot lyset. Solbærbladsaft. Ei bleik grøn, mest heilt blank, væske. Så eviglangt frå den djupsvarte lillafargen av solbærsirup. Og at det likevel kan smaka så intenst av solbær. Ideen om solbær rørt ut i vatn.
Kok opp vatn og legg blada oppi. Så enkelt er det, anten det er solbærblad, eller bjørkeblad. Eller bitre rogneblad til å koka sirup med smak av bittermandel. Blad i knop må det vera. Det er då smaken, lukta, livskrafta let seg overføra til væska. Til vatnet eller fløtemelka, dersom eg vil laga ein pudding. Solbærbladpannacotta, kan det vera like godt som rogneskuddpannakotta? Eller passar bittermandelsmaken betre til melka enn den krydderfriske solbærlukta?

Våren går sin veg
Våren er raskt overstått her i nord. Det er ikkje mange dagar med sol og varme som skal til før det er full sommar og lauvet har fått den djupe grønfargen det skal få ha fram til det gulnar i september. Med djupgrønt lauv og fullt utsprunge lauv er det ikkje tida for solbærbladsaft igjen før om eit år. Tida går.
No blømer solbærbusken, og stiklingane som har stått i vatn i vekesvis har fått dei kvite trådane av røter. No er det varmt nok til å planta dei ut kor som helst. Solbæra trivst best i litt halvskugge, men dei er ikkje så kresne på korkje jordsmonn eller sol, så vidt eg hugsar.
Solbær. Som ikkje treng meir enn litt sol for å solmodna, skinna som sol i dei svarte bæra.
Innsektssurr
No er det innsekta eg sett min lit til. Humlene surrer rundt solbærblomane. Dei er kvitgrøne og små mellom blada. Men eg ser dei, og humlene luktar dei nok, for dei surrer rundt der. Frå den eine til den andre. Pollen hit og pollen dit for at busken skal bera bæra fram til hausten. Innsekta gjer ein jobb eg ikkje kunne gjort sjølv.
Dei gjer det ikkje for meg, men eg er ein del av dette store, heile som også er ein del av solbæra. Eg er. Solbæra er.
Grøne kuler
Solbæra blir modne. Ettersom vekene går ser eg at den delen som gøymde seg sky under blomen knyter seg og svulmar opp. Ei grøn kule som svulmar opp, svulmar opp som ein gravid mage svulmar opp. Blir berre meir og meir av seg sjølv og snart noko meir. Fortetta først. Hard. Nesten bristande. Her blir det liv!
Eg veit ikkje kva tid eg først legg merke til at nokre av dei harde grøne kulene har byrja får mørkelilla flekkar. Men det skjer ein gong på sommaren. Det er lenge til dei er klare for hausting, men dei byrjar gradvis å få fargen sin. Den djupe svartlilla fargen. Tenk at slik ein umoden, rå og hard grønfarge kan bli til mjuk svart?

Frå blomar til bær
Når solbæra er blitt mørke i fargen skal dei endå få henga på busken ei god stund til for å modna og mjukna. Gjerne heilt til like før dei blir blaute og for mjuke. Då har dei fått den rette sødmen, og det er lite taninar igjen.
På den eine busken er det langt mellom bæra og og mange av dei er små, sjølv om blomeraklane hang der store og feite i år. Kanskje er det den gamle busken eg henta rota frå som berre ikkje gjev så bærtunge buskar? Det er nok av lauv og greiner på busken i alle fall, så kanskje er det noko anna, noko med gjødslinga av jorda akkurat her. Kven veit.
Men dei andre buskane, som for så vidt har dårlegare jordsmonn og mindre sol, der heng bæra store og i tette klasar. Det er lett å plukka. Eg kan berre raspa store klasar rett ned i bøtta. Men dei andre buskane er ikkje like store, så det er fint at der er solbær i mengdar i åkeren på Fenes også!
Andre slag solbær
På Fenes undra eg meg over at bæra på den eine busken brukte så lang tid på å mogna. Korleis kunne dei vera grøne framleis, så seint på sommaren? Løydomen til denne busken viste seg å vera at han berer grøne solbær! Dei er om mogleg endå større, saftigare og søtare enn dei andre. Einaste er at syltetøyet ikkje får den djupe svartlilla fargen som eg likar så godt.
Tenk at smaken av solbær finst!
Smaken av solbærsyltetøy på fersk, varm skive med smør får meg til å bli djupt takksam over å vera i live. Tenk at solbær finst! Tenk at denne smaken spreier seg i munnen min! For ei nyting! For eit under! Sterk syrlegheit, intens sødme og ein djup smak som minnar om krydder.
Eg blir aldri lei
og kan fint eta solbærsyltetøy med skei.
Sukker og sol
Bladene har den magiske evna at dei kan gjera sollys om til sukker berre dei får litt vatn. Og det er dette sukkeret busken sender ut i bæra i lag med andre magiske stoff som eg ikkje aner kva er.
Berre at bæra smakar så uendeleg mykje meir enn søtt. Det er sikkert sopphyfer av ulikt slag nedi der også, som hjelper røtene til å ta opp næring. Eller er solbæra i symbiose med sopp? Kva slags sopp i såfall?

Livet og arbeidet i jorda
Tenk alt det levande, alt det arbeidet som skal til for at det blir solbærsyltetøy på skjevå. Meitemarkar og mikroorganismar i jorda jobbar heile tida med å gjera daude bitar av det som ein gong har vore levande om til livgjevande jord.
Busken grev røtene stadig djupare ned i det elendige jordsmonnet i ein hage byggja på pukk og sprengstein. Greinene struttar mot himmelen, lengre for kvart år sjølv om eg klipper og klipper.
I området der solbæra står har eg også spreidd rikeleg med kompost frå haugen i skrenten. Ikkje akkurat noko for seg gjort varmkompost, men berre ein haug av plenklipp, bondebønnebelgar, gulrotskrell og lauv som har fått liggja der i lag med nokre spann med hestepærer frå Fenes. Det er ikkje omdanna heilt til jord i løpet av eit års syklus, men det ser ut som det gjer susen likevel, både for bær, poteter og blomar.
Kven er det solbærbusken likar å ha rundt seg? Samarbeider dei med trær, sopp eller mikroorganismar? Er dei fleksible typar som tek det dei får, eller trivst dei særleg godt i lag med nokre heilt bestemte andre levande organismar? Eg kjenner ikkje solbærbusken sine levemåtar særleg godt. Det er løyndomen som busken ber.
Å koka syltetøy
Eg koker syltetøy av dei fleste bæra. Det er lettvint og god kvardagsbruk. Eg lagar aldri så mange av dei bærkakene eg førestiller meg at eg skal laga.
Men syltetøy har eg alltid lyst på. Kokt syltetøy i hermetiserte glas kan stå og stå, både på vent og lagring i kjellaren og i kjøleskapet etter at glaset er opna. Ingenting går til spille på grunn av mugg og gjærsopp.
Derfor kokar eg bæra i lag med vatn, sukker og pektin. Eg gløtter på ei oppskrift kvar einaste haust, men passe mengde pektin kjem an på så mangt, så det blir varierande i konsistensen. Det er viktig å ikkje ha i for mykje sukker, men ikkje for lite heller. Syresødmebalanse er trikset.
Hermetikk, takk!
Medan syltetøyet er varm heller eg det over på nyvaska glas. Eg fyller heilt opp til randa, for desse glasa skal uansett ikkje i frysaren kor væske utvidar seg. Det varme skal trekka seg saman i lukka glas, og då står glasa der på benken og popper i korken når det blir vakuum i glaset.
Kokt syltetøy er lettvint. Eg treng ikkje tenkja på å ta det opp av frysaren for at det skal tina. Vil eg har syltetøy er det berre å henta i kjellaren og eta i veg. Eg treng heller ikkje straum til nokon frysar for at bæra skal halda seg. Dei kan berre stå og stå og stå. Same kva som skjer i verda, så har eg dei på lager.
Kake og is, fest og kvardag
Eg har laga andre morosame ting av solbær også. Solbærmuffins var digg! Saftige, mørkelilla sjatteringar i røra og meir djubde i smaken enn blåbær. Litt mindre barnevennleg, og litt meir vaksenentusiasme!
Eg har også laga silkemjuk solbæris av frosne bær og søt kondensert mjølk. Det var intenst søtt og intenst solbær, men det er sånn som likevel ikkje blir laga så ofte. Syltetøy til kvardags, til kvar ein dag, det er då bæra blir spist. Og la oss eta bæra, plukka bæra og nyta dei i alle slags former. Gjerne til fest, men mest til kvardags!
Foto: Marta Anna Løvberg.
