Livet byr på mange arbeidsoppgåver eg må gjera og dessutan ein heil myldrande masse av idear til ting eg har lyst til å gjera. Korleis kan eg halda orden og system i dette kaoset som livet er? Det lurer eg ofte på, særleg når eg får kjensla av at det flaumer over. At ein klissete blanding av «må»-oppgåver og idear renner over meg, og at eg blir sitjande fast i dette klisteret. Då prøver eg gjerne å få det ned på papiret og vekk frå kroppen min slik at eg kan røra meg fritt og vera i her og no. I det eg gjer akkurat no, og ikkje i alt eg har gløymt og må hugsa i fortid og framtid. Av og til hjelper det å skriva ned alle dei praktiske må-oppgåvene på ein lapp. Eg noterer: «Reinska sluket, ta med ekstra skift til barnehagen, påmelding til fotballturneringa innan onsdag, purra på sykkelverkstaden, ringa mamma, kjøp bursdagsgåve til helga, sørgja føre at ungen gjer leseleksene i dag, handla, sjekka digitpostmeldinga, booka legetime for eksembehandling, flytta sjukehustimen». Puh! No står det der, og no kan eg skriva – gjera konsentrasjonsarbeidet – i fred og ro fram til klokka 11.
Under friskrivinga først på morgonen får eg idear. La ideane fløyma frå kroppen, det er mykje av poenget med friskriving. Eg skriv ideane ned der eg er i dokumentet og på tastaturet. Men akkurat det som handlar om gjestespalta i Forskerforum var ein litt for god ide til å gå i gløymeboka. Etter friskrivinga opnar eg dokumentet «idear til Forskerforum» og kopierer inn det eg nett skreiv. I dokumentet står det notert nokre andre idear. Dei fleste av dei har eg faktisk skrive om no, så det kom godt med med ein ny ide!
Klokka ti på halv tolv ringer eg sjukehuset for å flytta timen og set ein strek over dette punktet på lista medan det ringer i telefonen til sykkelverkstaden. Sykkelen er ikkje ferdig, men eg har purra. Strek over, men det må opp på lista igjen i neste veke er eg redd. Legetime må eg også booka på dagtid. Eg ringer, men sentralbordfolka er til lunsj. No er det ikkje telefontid før 1330. Ingen strek over dette punktet på lista.
Tilbake til dei jobb- og skriveoppgåvene. Eg kjem litt seint til lunsj, for eg vil berre minna meg på kva eg vil halda fokus på. Eg finn fram eit blankt ark og ein fyllepenn: «Skriva ferdig læreboka i år. Skriva minst 45 min kvar dag. 500 påmeldte på nyheitsbrevet. Utvikla skriveseminar for ph.d.-kandidatar. Utvikla FRIPRO-søknadsideen». Det er dette eg vil halda tak i. Eg henger det opp på tavla til høgre for pulten, og får eit glimt av «Digipost», «legetime» og «sluk» før eg går til lunsj.
Etter lunsj går eg laus på søknaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. «Løft blikket og skriv på nynorsk», seier eg høgt til meg sjølv og byrjar å skriva med den autoritetsstemma eg veit eg har på dette feltet. Etter eit kvarters tid med motstand, skriving og sletting, kjem eg meir inn i siget. Eg gløymer telefontida på legekontoret. Gløymer å ta pause etter om lag ein time, sjølv om det står «hugs å gå ut!» på ein rosa post-itlapp øvst på dataskjermen. Æsj. MÅ hugsa legekontoret i morgon, tenkjer eg – og er irritert på meg sjølv – medan eg loggar meg inn på Digipost med BankID. Det nærmar seg hentetid i barnehagen. Eg går gjennom innboksen ein gong til og flaggar dei e-postane eg må følgja opp på eit eller anna vis. Eg legg inn «skrivetid» i kalenderen for onsdag, torsdag og fredag fram til 11. Fristen for spalta til Forskerforum legg eg også inn som kalenderavtale neste veke.
Før eg går fyller eg på nokre punkt på ordne- og fikselista: bestilla billett sørover, booka hotell til feltarbeidet. Det må eg verkeleg hugsa før billettane og hotellet blir alt for dyre. Det er lite pengar på det prosjektet. Eg legg lista igjen på kontoret, for mykje av dette må eg uansett gjera på dagtid. Men det sluket, det må eg faktisk fiksa i kveld. Vatnet brukar eit kvarter på å renna ut når eg har vaska opp. Det funker berre ikkje.
Dagen etter vaknar eg med ei kjensle av at det er ein heil masse eg har gløymt at eg må hugsa. Idear og må-oppgåver kjem som tett regn frå vest. Telttur i helga, hadde ikkje det vore løye? Koma oss vekk frå huset og kvardagen og gjeremåla og verkeleg vera i her og no? Hugs den der kaka eg lova å baka til festen på måndag. Kake, kake, kake. Eg må verkeleg ringa mamma i dag. Ho har prøvd å få tak i meg heile siste veka. Kva var det eg tenkte eg skulle skriva om i læreboka? Skriverutinar! Det har eg lyst til å skriva om! I dag trur eg at eg skal ta meg ein joggetur. Det er lenke sidan. Yoga hjelper ikkje så mykje på kondisjonen, og ikkje elsykling heller. Korleis var det med den ferieplanlegginga forresten?
Eg skriv ned det eg hugsar medan eg skriv i morgonsidene mine og drikk kaffi. Men eg blir berre uroleg. Eg føler at eg ikkje greier å hugsa kva eg nett tenkte innan eg har skrive ferdig førre punkt. «Burde, burde, burde, burde, burde». Eg har lyst til å ropa at eg nektar! Eg nektar meir burde! Livet kjennes ut som ei evig gjere-liste. Eg er så fordømt lei av å alltid ha ein ikeapose med reine og ubretta klede ståande på soveromsgolvet. Det tek aldri slutt. Det blir aldri slutt på klesvasken. Eg brukar mykje meir hjernekapasitet på å hata klesbretting, tenkja på at eg BURDE ha gjort det enn å faktisk gjera det. Men eg greier berre ikkje å få meg til å gjera det. Dust, dust, dust, dust.
Det hjelper ikkje å skriva dei listene. Eg blir berre meir fokusert på alt eg ikkje må gløyma, på alle dei fordømte kjedelege småoppgåvene som livet er fullt av. Jo meir eg skriv, jo fleire ting kjem eg på. Jo meir eg prøver å kvitta meg med gjere-tankane ved å skriva dei ned, jo meir fokus blir det. Eg bestemmer meg for å kasta alle listene. Slutta med lister. Det eg ikkje hugsar er ikkje viktig nok. Det får berre vera. Det får berre liggja. Eg orkar ikkje ei liste til i heile mitt liv. Eg vil skriva dikt, ikkje lister, tenkjer eg og skriv: «Hugseliste om våren».
Eit par veker etter konstaterer eg framleis skriv litt praktiske lister på papir innimellom. Men ikkje så mange. Eg skriv ned idear både her og der i den digitale arkivskuffa, men det er stort sett mogleg å hugsa og finna når eg treng det. Alt eg gjer som handlar om «kollektiv kvalitativ analyse» går i logg-dokumentet. Idear, erfaringar, møter, tankar. Elles har eg gjerne ei hugseliste per prosjekt også, lagra i prosjektmappa. Eg legg inn ei dødlinje hist og her i kalenderen. Med jamne mellomrom skriv eg i morgonsidene kva det er viktig for meg å halda fast på, kva som er prioriteringane mine. Men eg prøver også å dempa gjere-fokuset med å seia til meg sjølv at dersom eg ikkje hugsar det er det ikkje viktig nok. Det er ikkje katastrofe å gløyma litt hist og her. Sjeldan i alle fall. Kvar gong hugsepunkta og ideane kjem piskande prøver eg å pusta. Ta ein ting om gongen. Kva er det eg skal fokusera på her og no? Jo, akkurat no skal eg berre skriva vidare på dette tilbodet og så skal eg henta i barnehagen. Berre det. Ingenting anna. Skriva.
Foto: Marta Anna Løvberg