Out of Time

Kva betyr det å bli gamal? Og kvifor er det så vanskeleg å vedkjenna seg og vera i vår eigen alder? Kva historiar er det me fortel om aldring? Desse spørsmåla reflekterer Lynne Segal over i ei fengande, fengslande og utruleg godt skrivne fagbok «Out of time. The pleasures and the perils of ageing».

Segal er feminist, aktivist, akademikar og no snart også ei eldre kvinne. Startpunktet for boka er refleksjonar om kva det betydde å vera med i den nye kvinnerørsla vaks fram på 1970-talet. Dei fleste, men ikkje alle, som deltok den gongen var unge kvinner. No er dei fleste av dei som var med den gongen, det vil seia dei som framleis lever, i ferd med å bli eldre kvinner. Segal brukar dette til å reflektera over fellestrekka mellom sexismen og det fleire har kalla “alderisme” – altså diskriminering basert på alder.

I eit blogginnlegg frå førre veke skreiv eg om “eldrebølgja”, ein metafor som definerer dei av oss som har passert 67 definert som eit sosialt og politisk problem som politikarar og fagfolk må løysa, og som ei bør dei av oss som er yngre må bera på sine skuldrar. Segal undersøkjer korleis slike forestillingar pregar våre fortellingar om alderdom. Ho viser mellom anna til forfattaren Martin Amis som skildrar eldrebølgja i dramatiske vendingar: “The cultural and economic crisis caused by the ever-rising ‘silver tsunami’ of old people: ‘There’ll be a population of demented very old people, like an invasion of terrible immigrants….I can imagine a sort of civil war between the old and the young”.

Nettopp denne samanlikninga med innvandrarar er interessant. Som Segal påpeiker, så er det ikkje noko nytt at marginaliserte gruppe får skulda for ei kvar krise: Me er godt kjende med hylekoret av menn som skuldar på kvinner, og særleg feministar, når jobbane forsvinn og heimen ikkje er den trygge hamna ein hadde forventa ho skulle vera. På same måte får innvandrarar gjerne også skulda når kvite menn mistar jobben, meininga og tryggleiken i livet. I det siste, meiner Segal, har eldre blitt endå ei ny gruppe å hata og skulda på når ein uroar seg over økonomien og framtida. I staden for å kjempa mot den destruktive krafta kapitalkrefter og deregulering er, så skuldar ein på kvinner, feministar, innvandrarar, svarte og eldre.

Forakta for dei eldre bunner i stor grad i vår eigen frykt for å bli gamal. Det me særleg fryktar er å bli avhengige av andre. Avhengigheit – det skremmer. Men sanninga er at ulike formar for avhengigheit er ein heilt grunnleggjande del av det å vera menneske. Men at alle menneske har vore, er og kjem til å bli avhengige av andre på ein eller annan måte, er noko mange av oss helst vil fortrenga. Me legg heller masse energi på å overtyda oss sjølv og andre om at me er autonome, uavhengige og sjølvhjulpne. Det er eit sterkt stigma knytt til det å vera avhengig, skriv Segal, og peikar på at dette kanskje er årsaken til at så mange eldre seier at dei ikkje kjenner seg gamle, at dei ikkje ser på seg sjølv som eldre (side 35-36).

Ein annan ting me særleg fryktar ved alderdommen, er Alzheimer’s sjukdom. Denne frykta er nært knytt til frykta for avhengigheit. Det er redsla for å bli fullstendig avhengig av andre og redsla for å mista seg sjølv. Det er eit tankekors, meiner Segal, at me som samfunn brukar så utruleg mykje pengar på å finna ein kur for Alzheimer’s, men investerer så  lite i å gje god omsorg for dei som har sjukdommen. Der er ein heil masse forsking som dokumenterer at ein både kan bremsa sjukdommen og ikkje minst hjelpa folk til å leva gode trass i sjukdommen, dersom ein er villig til å investera i god omsorg.

Å erkjenna alderdommen betyr å forstå at me ikkje kjem til å forbli autonome, uavhengige og framtidsorienterte individa me likar å tru at me er, og som vår vestlege kultur insisterer på at me bør vera. Me må leita etter måtar å handtera tap og død på – aller helst i fellesskap med andre (side 184).

For Segal, som har vore eit politisk menneske heile sitt liv , passer det fint å framheva eit sitat av filosofen Simone de Beauvoir: “There is only one solution of old age is not to be an absurd parody of our former life, and that is to go on pursuing ends that give our existence meaning – devotion to individuals, to groups or to causes, social political, intellectual and creative work” (side 162).

Illustrasjonsbilde: Old Woman Resting, av John Dyer Follow CC BY-NC-ND 2.0.

Les også:

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content