Alle kommunar har ansvar for å tilby gode tenester og skapa inkluderande lokalsamfunn for alle – skeive så vel som streite. Likevel er det mange skeive – det vil seia lesbiske, homofile, bifile og transpersonar – som ikkje alltid opplever å bli sett. Har fagfolka i din kommune den kompetansen dei treng for å møta alle på ein god måte?