Ein fjerdedel av alle som innvandra til Noreg mellom 1990 og 2008, var ekteskapsinnvandrarar. Av dei 100.000 personane det er snakk om er om lag 75 prosent kvinner og 25 prosent menn. I 2011 kom det flest ekteskapsinnvandrar frå Somalia, Eritrea, Filippinane og Thailand. Samanlikna med asylpolitikken har regelverket for ekteskapsinnvandring fått relativt lite merksemd, både i forskinga og i den offentlege debatten. Men det er i ferd med å endra seg. Fredag 1. mars disputerer eg over doktorgradsavhandlinga ”The Regulation of Marriage Migration to Norway”.