List

Kva dilemma og problemstillingar rommar offeromgrepet ut frå eit feministisk perspektiv? I denne oppgåva utforskar eg offeromgrepet og kartlegg offerdiskursen i eit institusjonelt landskap. Eg tek utgangspunk i institusjonell etnografi slik Dorothy E. Smith med fleire skildrar det i Institutional Ethnography (2005) og Institutional Ethnography as Practice (2006). Utforsking av metoden er ein viktig del av prosjektet. Oppgåva består av tre hovuddelar, samt eitt avsluttande kapittel. I kapittel 1 nystar eg fram problemstillingar, metode og teoretiske perspektiv i nær relasjon til kvarandre. Kapitlet byrjar med ei historisk framstilling; eg argumenterer for at offerperspektivet har spelt ei viktig rolle for kvinnerørsla, mellom anna for å setja vald mot kvinner på dagsorden i løpet av 1970- og 1980-talet. Seinare har offeromgrepet vorte kritisert, mellom anna med utgangspunkt i eit postkolonialt feministisk perspektiv. I andre del av kapittel 1 gjer eg greie for det metodiske verktøyet, og koplar dette til eigne erfaringar frå kvinnerørsla.

Kapittel 2 er basert på eit kvalitativt intervju med Krisesentersekretariatet. Informantane er kritiske til å snakka om valdsutsette kvinner som ”offer”, fordi ordet har konnotasjonar til passivitet, avmakt og hjelpeløyse. Offeromgrepet kan kanskje frita frå skuld, men kan føra til passivisering og stigmatisering av valdsutsette kvinner. Dette blir eit paradoks då sjølve målet med kvinnekampen har vore at kvinner skal ta makt og sjå på seg sjølve som subjekt. Offeromgrepet er relatert til spørsmål om skuld og ansvar. Gjennom å gjera greie for kompleksiteten som ligg i omgrepet ansvar, kastar eg lys over kva spenningar offeromgrepet rommar. Kapittel 3 er ei kartlegging av kva rolle offerdiskursar speler i utlendingsforvaltninga. Eg tek utgangspunkt i eit intervju med ein advokat og undersøkjer ”offerkravet” i tilknyting til søknad om fornya opphaldsløyve etter utlendingsforskrifta § 37 sjette ledd. Informantintervjuet koplar eg til lovtekstar og konkrete saksvedtak, og kastar lys over korleis tekstar regulerer praksis. Eg argumenterer for at offerkravet og mishandlingsvilkåret er eit uttrykk for viljen til å gje opphaldsløyve til dei verdig trengande ofra. Dette er knytt til den politiske diskursen rundt immigrasjonsregulering, som handlar om at Noreg skal føra ein ”sømmeleg” politikk.

I oppgåva viser eg at offerdiskursar kan vera med på å reprodusera stereotypiar og skapa eit skilje mellom kvinner/menn og minoritet/majoritet. Minoritetskvinner blir framstilt som offer for kulturen, som stakkarslege og hjelpelause personar som majoriteten kan synast synd i. Samstundes er det venta at minoritetskvinner skal passa inn i biletet av idealofferet for at ho skal få hjelp og stønad. I fjerde og siste kapittel reflekterer eg rundt ambivalensen i offeromgrepet. På den eine sida kan det vera ein nyttig reiskap for å synleggjera og bøta på ulikskap i makt, ressursar og sosial posisjon. På den andre sida kan det vera vanskeleg å artikulera og retta opp ulikskap utan å stigmatisera eller reprodusera ulikskapen. Dette er ein sentral problematikk som vart diskutert av den nye kvinnerørsla på 1970-talet og som framleis ser ut til å vera relevant i relasjon til offeromgrepet. Til slutt kaster eg eit blikk tilbake på den avslutta kartleggingsprosessen; eg døftar institusjonell etnografi som ein måte å gjera sosiologi på. Eg argumenter for at dette metodiske perspektivet har vore nyttig for å kasta lys over offeromgrepet.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]