Rogneskot – altså blada som står i knopp på treet – har ein sterk smak av bittermandel. Dersom du plukkar eit skot og gnir det mellom henda eller tygger det, kjenner du smaken og lukta av bittermandel. Det smakar som amaretto, eller mandelessens, eller ekte italienske mandelkaker. Denne smaken kan du trekka ut av skota ved å varmebehandla dei. På internett talar mange om å laga sirup. Det er godt, men eg syns toppen (av kransekaka) så langt er pannacotta: lysegrøn i fargen og med smak av bittermandel.

Dette treng du:
- 5 dl rogneskot
- 3 dl mjølk
- 3 dl fløte
- 4 ss sukker
- 4 gelantinplater
Slik gjer du:
Kok opp fløte, mjølk og sukker. Trekk kjelen av plata og ha opp rogneskota oppi. La blandinga kjølast ned og sett i kjøleskapet natta over. Legg gelnatinplatene i vatn, sil av mjølkeblandinga og varma ho forsiktig opp igjen. Tilsett dei bløytte gelantinplatene og rør til dei har smelta.
Hell blandinga i skåler. Det kan til dømes vera porsjonsskåler, ei større skål eller glas. La stå kaldt til pannacottaen er stiv.
Eg har pynta med jordbær, rabarbrasirup eller servert med rabarbralikør, men førebels har eg ikkje funne eit tilbehør som verkeleg passar. Gje meg ein lyd dersom du finn på noko bra!
Oppskrifta er inspirert av ei oppskrift frå Sopp- og nytteveksforbundet, men eg har gjort nokre justeringar. Det viktigaste er at eg meiner blandinga ikkje må koka i ti minutt; faktisk bør det ikkje koka i det heile men berre trekka i mjølkeblandinga. Koking gjev ein særs bitter smak. Uttrekket blir betre av å behandla blada som te: dei skal ikkje koka, men trekka i varm væske.
Foto: Helga Eggebø
