Så som i himmelen

Det var ein gong ein profesjonell dirigent frå Europa som kom for å bu i Steigen. Ho vart den nye dirigenten for Steigenkoret – det lokale kyrkjekoret.

Livets tilfeldigheiter ville ha det til at den anerkjente Mezzosopranen Soetkin Baptist kom frå storbyen i Belgia til den nordnorske utkantbygda Steigen. Med den magiske kombinasjon av humor og sjarm på den eine sida, og musikalsk ekseptertise og presisjon på den andre sida, har ho løfta Steigenkoret til nye høgder.

Innan eg sjølv landa i Steigen hadde eg bestemt meg for å bli med i koret. Men ikkje ante eg at røynda var så godt som nøyaktig lik historia i den varme og humoristiske svenske filmen Så som i himmelen.

IMG_5685

Då eg kom til Steigen i september, var koret i gang med innøvinga av Gloria av Vivaldi. Eit fantastisk stykke barokkmusikk!

Det er god stemning på øvingane. Etter ein times tid med intenst musikalsk arbeid er det klart for kaffi! Alle kjøper lodd til inntekt for koret. Premien er to sjokoladar, som me delar mellom oss, same kven som vinn.

Sjølv har eg ikkje drive med musikk på godt over 10 år. Men heldigvis var det hjerterom og husrom til nok ein altstemme til i Steigenkoret. Eg vart dermed inkludert i blandakoret, heilt utan opptaksprøve.

Det er ikkje alltid lett å halda oppe motet på øvingane når stemma er vanskeleg, barokkharmoniane kompliserte og mindre enn halvparten av oss kan lesa noter. Kjem dette eigentleg til å gå bra? Få veker innan konserthelga var det fleire ting som ikkje var på plass.

IMG_5683

Men då Soetkin kom tilbake frå Belgia for å dirigera oss gjennom nokre siste intense øvingar før konserten, vart me overtydde om at dette kunne gå. Når Soetkin hadde trua på oss, då måtte det bli bra!

Etter ein vellukka premierekonsert i Leiranger kyrkje på Leines, med over hundre av innbyggarane i den vesle kommunen vår til stades for å høyra på, reiste me med buss til Bodø for å sjarmera publikum i byen.

IMG_5722

Søndag føremiddag satt heile koret på plass i bussen for å køyra dei tre-fire timane det tek til Bodø utan båten. Det stinka brent plast i bussen etter at kaffitraktaren hadde eksplodert tidlegare på føremiddagen. Koristane harka, klødde i halsen og var uroa over kva effekt dette hadde på stemma. Men som me seier i Steigen: “Det går berre godt!”

Då bussen skulle rygga ut køyrde han rett i busskuret bak oss. “Nei, nei, nei, stopp!”, gaula heile den bakre delen av bussen. Men sjåføren berre peisa full fart framover igjen, og drog i samen slengen med seg busskuret som no hang fast i bussen. “Pass, stopp!” kauka resten av bussen då busskuret på hengande håret unngjekk å bli slept rett inn i ein av bilane som sto parkerte. “Har vi glømt nån?” spurde bussjåføren og køyrde uaffisert mot Bodø.

Med strikking, matpakke og gode historiar gjekk bussturen fort. Siste minuttane gjekk med til felles oppvarming, dirigert av Soetkin som sto framme i bussen og heldt seg fast.

Akustikken i Bodin kyrkje i Bodø var fantastisk. Med Brøstadbotn Barokkorkester, to dyktige solistar og fullt trøkk frå koret vart det verkeleg ein bra konsert. Som Soetkin entusiastisk sa: “Det var musikk! Og musikk treng ikkje vera perfekt. Det handlar om å uttrykka noko ekte”.

IMG_5687

Hugsar de dirigenten i Så som i himmelen? Det han var lei av var perfeksjonisme, teknikk, kritikk og overflatiskheit. Det handlar om å laga musikk som rører folk.

Og no er Steigenkoret snart klar for Europaturné og dokumentarfilminnspeling. Hadde ikkje det vore noko? Gje oss ein regissør og ein manager, så blir det neste års absolutte publikumssuksess.

Foto: Helga Eggebø

Her er lydopptak frå konserten.

1 thought on “Så som i himmelen”

  1. Stå på alle sammen. Dette går bærre fint! Ækte vare er det vi trenger. ..der sjæla bli brukt!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content