Siste smak av sommar i Salten

September gjev ein siste smak av sommar i Salten. Eg nytta høvet til å klatra og padla i Hamarøy, ettersom det ikkje vart i juni. Indian summer med nordlys er ikkje å forakta!

Hamarøyskaftet er ein ikkje særleg høg, men markant topp i fjellrekka på Hamarøy, populært kalla “Hamarøykuken” (På bilde under er det meir snakk om ein liten tapp i horisonten). På veg ut av Steigen har eg mang ein gong beundra Hamarøy som ligg der på den andre sida. Særleg vakkert var det den fredagskvelden.

IMG_7774

Fredag kvelden hadde litt av kvart å by på. Det var etter nøye overveging at me hadde bestemt oss for klatring og ikkje jaktstart. Men ikkje langt heimanfrå køyrde me dessverre på ein hare. Roadkill er også middag! Mest sannsynleg hadde utbyttet vore magrare etter ei jakthelg.

IMG_7763

Allereie i bilen kunne me sjå nordlyset på den eine delen av himmelen, mens rødmen etter solnedgangen framleis skinte på den andre delen av himmelen. Rundt midnatt, då me satt rundt bålet, eksploderte nordlyset heilt plutseleg i eit vanvittig dansande teppe av grønt og sjatteringar av rosa. Trass i at eg har levd mesteparten av livet mitt sørpå, så har eg sett ein del nordlys. Dette er heilt klårt det mest spektakulære eg nokon gong har sett (utan kamerastativ vart det dessverre ikkje bilde).

IMG_7840

Hamaøyskaftet er ikkje ein vanskeleg topp. Det passa bra, for eg kunne trenga fokus på trivsel og meistring heller enn dei store bragdene. Eg kjenner fleire som har gått opp utan tau, men spør du meg så ville eg absolutt tilrå eit tau og nokre løpande mellomforankringar i det minste.

IMG_7799

Vel nede igjen frå toppen, for ein gongs skuld utan å bruka dobbelt så lang tid som me hadde trudd, køyrde me ned mot havet. Denne natta ville eg gjerne sova på ei øy i skjærgården og ikkje ein parkeringsplass ved foten av eit fjell, slik det vart fredagen. Sjølv om eg var litt sliten etter turen, kvikna eg til igjen då kajakken glei stille på det blanke og fargerike skumringshavet.

IMG_7826

Det er svært sterke straumar i fjorden ved Skutvik. På sitt sterkaste, og han var sjølvsagt på sitt sterkaste då me la utpå, går straumen som ei elv på det trongaste. Farta kjem av seg sjølv, og padlinga blir berre for å halda kontrollen. Det gjeld å planleggja tilbaketuren, for opp den straumen kan ein berre gløyma å koma seg.

IMG_7825

Sjølv om det ikkje vart like vanvettig nordlys denne natta, kan eg slå fast at det er ganske magisk å sova under mørk og stjerneklår hausthimmel, i ein mild bris som gjev smak av sommar. På ein måte er det så vakkert at ein ikkje vil sovna. På den andre sida er det så deilig at eg søv som ein stein.

IMG_7847

Foto: Helga Eggebø

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content