Sjokoladekaka til onkel Ingvar

I vår familie er det ingen veg tilbake etter at eg serverte sjokoladekaka til onkel Ingvar. Skal me ha kake er det den dei vil ha. Bæra som eg er så glad i å ha i kake kan berre bli liggande i frysaren. Sjokoladekaka eg brukte å laga før er det ingen som vil ha. Med løyve frå min kjære veslebror Ingvar offentleggjer eg oppskrifta og oppfordrar til kakebaking.

Ingrediensar
  • 200 g sjokolad
  • 200 g smør
  • 300 g sukker
  • 100 g mjøl
  • 6 egg
Slik gjer du
  • Smelt smøret og legg sjokoladen oppi
  • Bland sukker, egg og mjøl
  • Ha sjokoladeblandingen i røra
  • Ha i ei rund kakeform
  • Steik på 200 grader i 20 minutt

Kjempefint å pynta med melisdryss og bringebær, eller eit kakebilde dersom bursdagssituasjonen krev noko meir avansert, men du treng eigentleg ingenting anna enn kaka.

Me har også testa muffinsvarianten og det var glimrande. Då blir dei ferdige på halve tida og er lette å frysa. Det mest geniale med å ha desse i frysaren er at dei tiner på veldig kort tid. Dei treng mest ikkje tina i det heile før du kan eta dei, og dermed kan ein spisa sjokolademuffins heilt spontant og uplanlagt.

Foto: Helga Eggebø

    Leave a Comment

    Your email address will not be published. Required fields are marked *

    The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
    Scroll to Top
    Skip to content