Søskenbarntur

På 90-talet pleidde pappa å ta med meg, brørne mine og søskenbarna mine på ferie. Berre han og ein haug med ungar på ein slags backpacking-tur i Skandinavia. Då pappa fylte 60 år i vår tok me han med på søskenbarntur 2015 – 25 år etter. 

IMG_0239

På turane den gongen var me opp til 9 søskenbarn, med eit aldersspenn på 16 år og dei minste reisande på 4-5 år. Dei fleste turane gjekk med Danskebåten til Danmark.

img673

Tradisjonen tru gjekk søskenbarntur 2015 til Danmark med båt. Danskebåten er akkurat like full av neonlys, speleautomatar og taxfreevarer som den gongen.

img714 IMG_0264

Søskenbarnturane har alltid vore tur med lågt budsjett. Me overnatta på dekk på Danskebåten, spiste brød frå matbutikken til frukost og lunsj – gjerne på ein togstasjon.

img466.DSC06160

Det var ikkje tvil om at enkelte vaksne meinte opplegget var uforsvarleg. Nokre skjer i sjøen opplevde me sjølvsagt – ein bror forsvann her og der, nokre lommebøker kom på avveie, drosjen med pappa i punkterte på motorvegen medan ungane stranda ein heilt annan stad – og dette var før mobiltelefonens tid. Men det gjekk stor sett bra.

img471Scan-120712-0087

Det er løye med det. Når me alle var samla, hadde fått på oss ryggsekkane, hadde lommebøkene rundt halsen og satt strødd utover eit venterom og spelte President, då var det som ein tidsmaskin tilbake til 90-talet. Eigentleg har me ikkje forandra oss noko særleg på 25 år.

IMG_0247DSC05896

Det er ikkje til å stikka under ein stol at søskenbarntur kan vera slitsamt, den gongen som no. Det gjelder å nytta høvet når du har ei stund.

IMG_0352img666

I dag er mange i søskenbarngjengen småbarnsforeldre, men trur du ikkje alle saman ordna seg barnevakt og reiste frå partnar og småungar i dagevis.

DSC06246

Dei fem søskenbarnturane på 90-talet er heilt klårt noko av grunnen til at me i dag er så nære og samansveisa. Me søskenbarna er like nære som søsken. Dessutan er me bestevenner og omgangskrets. Eg føler meg kalla til å halda tradisjonen oppe. Neste generasjon må berre bli eit par år eldre.

Les også Stavanger Aftenblads sak om Søskenbarntur 2015.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content