Grunnpillaren for skriverutinen min er å setja eit konkret og overkommeleg skrivemål. Eit mål om å «skriva mest mogleg», «skriva innimellom» eller setja av heile dagar til skriving fungerer ikkje for meg. «Mest mogleg» har ingen ende og blir aldri nok. Heile skrivedagar er urealistisk i arbeidskvardagen på forskingsinstituttet vårt.
Basismålet mitt er å skriva 30 minutt kvar morgon på den teksten som til ei kvar tid er prioritert. Det kan høyrast lite ut dersom ein har ei heil masteroppgåve eller ein doktorgrad å skriva, eller dersom ein er ambisiøs forskar med mange idear og parallelle skriveprosjekt. Men med 30 minutt skriving kvar dag går skrivinga framover jamt og trutt. Det er rart kor mykje det kan bli ut av det på relativt kort tid.
Eg likar å ha stoppeklokka med meg for å setja grenser for skrivinga. Nokon kallar dette for «pomodoro», og eg har ikkje forstått kvifor. Eg måtte søkja opp forklaringa: det viser til gamaldagse stoppeklokker i plast, forma som ein frukt eller grønnsak, som folk hadde på kjøkkenet før steikeomnane fekk integrert tidtakar. Pomodoro er italiensk for tomat og viser til ei slik tomatforma stoppeklokke. Eg syns det er like greitt å kalla ei stoppeklokke for ei stoppeklokke, derav «stoppeklokkemetoden».
Skrivemålet må stå i forhold til ambisjonar og andre belastningar på arbeidskapasiteten, kroppen og sjela. Når eg har vore delvis sjukmeld og livet tårnar seg opp har det vore meir enn nok med 20 minutt skriving kvar dag, eller eit felles skriveseminar med ein god kollega. Når eg er i god skriveform set eg meg meir ambisiøse mål, til dømes 2 x 45 minutt konsentrert og uforstyrra skriving på prioritert prosjekt kvar einaste dag.
Stoppeklokkemetoden fungerer til andre oppgåver enn skriving. Det hender eg set stoppeklokka på 20 minutt for å få rydda i huset. Det kan sjå heilt uoverkommeleg ut, men det er løye kor mykje eg faktisk får rydda på ei slik stoppeklokkeøkt. Når ungane og eg ryddar huset lagar me ei speleliste og rydder til musikken i staden for stoppeklokka. Alle tre får velja to låtar kvar, og når musikken stoppar er me ferdige.
Stoppeklokkemetoden fungerer også til lekser. Ein morgon hadde skuleungen bestemt seg for å gjera ferdig leksene. Han hadde ikkje lyst – han hata det faktisk – men no skulle det gjerast ferdig.
Ungen plukka på viskelæret, pella frå kvarandre eit stearinlys og spissa alle fargeblyantane i pennalet. Nokon gonger er me alle berre nøydde til å utsetja, grua seg og gjera forskjellig anna før det er mogleg å få jobben gjort. Det forstår eg. Det kjenner eg igjen.
«Ok, no skriv me 5 minutt begge to, og så tek me eit friminutt», sa eg og var klar med stoppeklokka. I solidaritet med barne bestemte eg meg for å gje meg sjølv ei utfordring: skriv morgonsider med vestre handa. Eg la fyllepennen over i feil hand og sette på stoppeklokka med høgre.
Ungen skreiv, eg skreiv. Klokka ringte. «Nei, litt til!» sa han. «Nope. Friminutt er friminutt», insisterte eg. Neste økt insisterte han på 10 minutt skriving. Eg syns det var skikkeleg lenge å skriva til saman eit heilt kvarter med venstrehanda, og kikka stadig vekk på klokka. Endeleg ringte det! Og då var barnet ferdig med leksene.
Foto: Helga Eggebø
