Strålande haust

Eg fører ikkje akkurat statistikk over vêret, men eg meiner det har vore ein heilt usannsynleg fin haust. Den eine strålande dagen avløyser den andre, og attpå er det fint når eg har fri!

haust-15

Ikkje meir av ein ekspedisjon enn 10 minutt å gå frå huset – rundt på Abornes – så openbarer denne haustprakta seg.

haust-16

Det flammande, brennande, skinnande raude er så intenst at ein av og til må lura på om det verkeleg kan vera eit ekte tre!

haust-13

Denne fine stripa av gule osper har stått så fint i kontrast til dei blå fjella så lenge. No er lauvet ramla av dei. Men for eit minne.

haust-10

Desse gule stråa langs strandene i Nordfold veit å ta seg ut om hausten.

haust-11

Mang ein morgon ligg det tåke på havet, eller på myrane, før det klårner heilt opp i varmen av sola. Magisk!

haust-8

Solnedgang er kitch! I alle fall på bilde. I røynda er det like fascinerande kvar einaste gong.

haust-4

Landegode i fokus på begge bilda. Det eine frå fjellet litt lenger ute, og det andre frå heimeperspektivet.

haust-2

Her er utsikt frå Brennsunnfjellet ut over skjærgården utføre Brennsund.

haust-5

Det siste sollyset dagen gjev har eit raudt og varmt skjær.

haust-1

Ingenting er vel å sova i lyngen i haustsola som endå er varm nok til at ein kan liggja der å dra seg trøya!

Foto: Helga Eggebø og Marius Skaiaa.

 

1 thought on “Strålande haust”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content