Tematisk analyse – metodeartikkelen som (ikkje) løyste alt

For eit par månader sidan fann eg metodeartikkelen som løyste eit problem for meg : “Using thematic analysis in psychology”. Denne artikkelen er sitert over hundre tusen gonger og er ein klassisk referanse innanfor kvalitativ metode.

Kort fortald er tematisk analyse ein metode for å identifisera, analysera og skildra mønster (tema) i datamaterialet. Braun og Clarke er ikkje dei einaste som har skrive om tematisk analyse, men dei er mykje brukt. La meg fortelja dykk kva eg syns var nyttig med denne teksten og spandera ei kortfatta gjennomgang av kva som står i han.

Tematisk analyse løyste eit konkret problem

Innanfor kvalitativ metode syns eg me manglar eit godt språk for å skildra på ein konkret og gjennomsiktig måte kva me faktisk har gjort når me analyserer data. Alt for ofte syns eg metodeavsnitta i vitskapelege artiklar handlar om kva metodologisk rammeverk forskaren har brukt, og gjev lite og inga informasjon om korleis forfattaren har gått fram når hen analyserte data.

Nokre gonger tek metodeavsnitta form av endelause og nokså lite interessante harangar om kva diskurs betyr, kva sosialkonstruksjonsime er, kva som er det epistemologiske utgangspunktet for grounded theory eller kvifor institusjonell etnografi er så radikalt annleis enn alt anna. Slike tekstar seier gjerne lite og ingenting om kva ein har gjort.

Misforstå meg rett. Metodologi og epistemologi er både interessante og viktige grunnlagsdiskusjonar for empirisk forsking, men slike diskusjonar bør ikkje erstatta informasjon om kva me har gjort når me analyserte data.

Den metodeboka eg har hatt mest nytte av opp gjennom er Karin Widerberg si bok «Historien om et kvalitativt forskningsprosjekt» (2001). Her skildrar ho på ein forståeleg og konkret måte kva ho og kollegar gjorde når dei analyserte data frå eit konkret forskingsprosjekt. Ho visar korleis dei gjorde tematisk analyse, narrativ analyse og diskursanalyse.

I ein av dei siste artiklane eg har skrive la eg vekt på å skildra så konkret og grundig som mogleg kva me har gjort i forskingsprosjektet, med referanse til andre som har gjort ting på liknande måtar. Eg syns sjølv det var både konkret, etterretteleg og forankra i litteraturen, men kritikken frå fagfellen var klar og tydeleg: «Artikkelen manglar informasjon om kva metodologisk tilnærming de har nytta».

Ettersom fagfellane bestemmer om artikkelen blir publisert måtte eg vera litt pragmatisk. I den reviderte versjonen av artikkelen endte eg med å skriva at me hadde basert oss på «konstruktivistisk grounded theory» (slik Kathy Charmaz har skildra det). Dette var ikkje blant løgn, for det me hadde gjort var til forveksling likt det ho skriv om. Men det var heller ikkje heilt sant heller. Eg las nemleg Charmaz etter at eg var ferdige med mesteparten av analysearbeidet. Eg var derfor ikkje heilt glad for den løysinga, men det fekk stå til.

I arbeidet med siste revisjon av artikkelen fann eg klassikaren “Using thematic analysis in psychology”. Med denne referansen som skyts kunne eg forklara at eg hadde gjort tematisk analyse, og at det er ein metode, helsing Braun and Clarke 2006. Deira skildringa stemte bra med det eg hadde lært på mastergrad og doktorgrad i sosiologi, og kva eg seinare har gjort i lag med kollegar i ulike forskingsprosjekt.

Braun og Clarke om tematisk analyse i psykologien

Forfattarane meiner at tematisk analyse er ein grunnleggande metode i kvalitativ dataanalyse, og at dette er eit fellestrekk på tvers av ulike metodologiske tilnærmingar. Vidare meiner dei at tematisk analyse ikkje berre er eit aspekt ved fleire forskjellige metodiske perspektiv, men ein metode i seg sjølv. Men, skriv dei, det er ein dårleg marknadsført metode. Målet med artikkelen er å gje metoden eit namn, utvikla ei konkret oppskrift for korleis ein utfører metoden og på denne måten marknadsføra tematisk analyse som ein eigen metode.

Tematisk analyse krev ikkje den detaljerte teoretiske og tekniske kunnskapen som ein del andre metodar og metodologiske perspektiv. Det er faktisk ein ganske enkel og rett fram prosedyre som du kan få til sjølv om du er under opplæring og ikkje har gjort kvalitativ dataanalyse før. Tematisk analyse er ikkje bunden til eit bestemt teoretisk rammeverk og kan derfor brukast innanfor rammene av ulike teoretiske og epistemologiske tradisjonar.

Ein kan analysera hendingar og erfaringar, meiningsproduksjon eller diskursar ved hjelp av tematisk analyse, eller alle desse tinga. Ein kan gjera tematisk analyse anten ein tek ei konstruksjonistisk eller realistisk tilnærming til forskinga, eller ein stad i midten. Alt etter kva som er forskingsspørsmålet og det epistemologiske og teoretiske utgangspunktet ditt. Det er berre viktig å gjera greie for kva teoretisk og epistemologisk posisjon som ligg til grunn for den aktuelle tematiske analysen. Braun og Clarke meiner ein må slutta med «methodolantry» det vil seia å vera gift med metoden heller enn å konsentrera seg om forskingsspørsmålet og temaet for studia.

Braun og Clarke argumenterer altså for at tematisk analyse er ein metode i seg sjølv. For å kunne skildra og marknadsføra metoden er det viktig å utvikla klare og konkrete retningslinjer og prosedyrar for metoden. Klare retningslinjer, men utan at ein mister den verdifulle fleksibiliteten. Ein må laga eit språk for og ei oppskrift for korleis ein gjer tematisk analyse. Kvalitative forskarar må kunna skildra heilt konkret korleis ein har analysert data. Dersom me ikkje får vita korleis folk har gått fram for å analysera data, så er det vanskeleg å evaluera og vurdera forskinga og resultata. Dessutan kan ein stå i fare for å gje inntrykk av at ein berre har kokt i hop ei historie frå sitt eige hovud, utan klare forskingsmessige prosedyrar.

Slik gjer du: Dei seks trinna i tematisk analyse
  1. Bli kjend med datamaterialet
    1. Transkribera heile datamaterialet ordrett (Merk: David Silverman argumenteret mot å gjera det!)
    2. Fordjupa deg i data, det vil seia les grundig gjennom alt. Ta notat, markera teskt og skriv i margen.
    3. Leit etter meining og mønster.
  2. Lag dei første kodane
    1. Lag ei første liste med idear og tankar om kva tema du har sett i datamaterialet.
    2. Du “koder” datamaterialet ved å identifiserer eit aspekt ved data som framstår som interessant å analysera.
    3. Arbeida deg gjennom datamaterialet og identifisera interessante aspekt ved kvart einaste intervju (eller dokument eller observasjonsnotat). Du kan bruka post-it-lappar, notera i margen eller tusja med ulike fargar. Du kan også kopiera relevante sitat frå dei ulike intervjua inn i eit eige dokument som er tileigna ein bestemt kode. Her kan du også bruka programvare for kvalitativ dataanalyse.
    4. Du koder så mange tema og mønster som du kan finna, og hugs at kvart intervjuutdrag kan plasserast i fleire kodar.
    5. Når du har koda alt datamaterialet har du ei lang liste med ulike kodar som du har identifisert i datamaterialet
  3. Leit etter tema
    1. Arbeid med å finna meir overordna tema og samla dei relevante kodane under slike meir overordna tema.
    2. Tenkja gjennom kva som er tilhøva mellom kodane, mellom tema og kva som er overordna tema og undertema.
    3. Ved slutten av denne fasen har du eit ferdig forslag til overordna tema og undertema og alle utdrag som du har koda under kvart enkelt tema.
  4. Gå kritisk gjennom tema
    1. Kritisk gjennomgang av temalista. Vurdera om nokon tema bør brytast ned i fleire undertema, om eit eller fleire tema kan vera grunnleggjande problematiske og om dei intervjusitata du har plassert under temaa faktisk passer der.
    2. Du revurderer også om eit eller fleire tema kan vera problematiske, og om dei utdraga du har koda under kvart enkelt tema faktisk passer der.
    3. Til slutt gjer du ei ny kritisk vurdering av om dette kartet du no har laga faktisk gjev eit godt bilde av heilskapen i datamaterialet.
    4. Ved slutten av denne fasen har du ei liste over tema som du er ganske nøgd med og som du syns passer godt til å skildra datamaterialet på ein relevant og treffande måte.
  5. Definer og gje temaa namn
    1. I denne fasen jobbar du med å finna treffande namn på kvart tema, som du syns fanger essensen på ein god måte.
    2. For kvart enkelt tema må du identifisera kva som er «historia» for akkurat dette temaet, og sjekka om det stemmer bra med det som er den overordna historia du fortel på grunnlag av dette datamaterialet.
    3. Ved slutten av denne fasen kan du gje ei god og klar skildring av temaa du har identifisert, og har funne presise, treffande og fengande namn på alle emna, som gjev lesaren eit innblikk i kva det handlar om.
  6. Skriv rapporten
    1. Når du har utarbeidd tema så skriv du rapporten.
    2. Finna gode sitat som illustrerer tema og undertema på ein nyansert måte.
    3. Du må fortelja eit godt analytisk narrativ, ei overtydande historie om datamaterialet ditt. Du må ha eit argument som passer til forskingsspørsmålet.
Tematisk analyse i fire trinn

I ei norskspråkleg lærebok har Johannsen med fleire (2018, s. 279–313) presentert ein firetrinns versjon av metoden til Braun og Clarke: 1. førebuing, det vil seia å gå gjennom datamaterialet og notera undervegs, 2. koding, det vil seia å framheva og setja ord på viktige poeng i data ved å skriva ned stikkord, streka under tekstutdrag og skriva ned idear og refleksjonar, 3. kategorisering, det vil seia å sortera datamaterialet etter meir overordna tema, 4. rapportering, det vil seia skriveprosessen.

Ein dempar på entusiasmen

Den første versjonen av denne bloggen kalla eg “Tematisk analyse – metodeartikkelen som løyser alt”. Det var god reklame for Braun og Clarke, og bloggen er flittig sitert i diverse masteroppgåver. Med tida er eg blitt noko mindre entusiastisk til arbeidet til Braun og Clarke.

Den første demparen på entusiasmen var at eg vart fornærma og vonbroten. Her er greia. Eg høyrde ein podcast med Victoria Clarke der ho etterlyste at nokon gjorde kollektiv tematisk analyse. Det var jo akkurat det eg hadde gjort i min eigen artikkel om kollektiv kvalitativ analyse!

Eg sendte ho ein e-post, takka for artikkelen hennar om tematisk analyse og delte mitt eige arbeid med kollektiv kvalitativ analyse. Eg fekk klår beskjed om at arbeidet mitt ikkje likna på hennar, fordi ho har eit heilt anna forståing av «tema». Eg hadde venta at ho skulle bli entusiastisk og interessert i arbeidet mitt, men nei. Eg vart skuffa. Skuffa og fornærma er ikkje verdas mest saklege og akademiske grunn til redusert entusiasme, men eg innrømmer at det er ein del av det.

Policing the method

Då eg las 2021-artikkelen til Braun og Clarke om tematisk analyse skjøna eg kvifor Victoria Clarke hadde vore så avvisande. I min eigen artikkel hadde eg brukt ordet “tema” i tydinga «ide», «stikkord», «emne», «kategori» og «kode». I den nemnte artikkelen opererer dei med ei meir avgrensa forståing av tema som noko mykje meir analytisk. Det er eit raffinert resultat av kartlegging og analyse, ikkje ein enkel ide eller deskriptiv kategori. Eg veit ikkje om eg syns presiseringa dei har gjort av ordet tema er så nyttig, men greitt nok.

Det eg ikkje syns er så stilig med 2021-artikkelen er måten dei tek eit OPPGJER med FEIL bruk av ordet tema og FEIL bruk av tematisk analyse. Dei listar 20 måtar folk nyttar metoden feil på og skriv rett ut at folk som brukar tematisk analyse feil VENNLIGST kan slutta å sitera dei.

Ein anna mykje sitert metodeforfattar – Carol Lee Bacchi – har kalla det Braun og Clarke held på med for «policing the method». I bloggposten «Oops, I said “themes”: WPR and RTA (Reflexive Thematic Analysis)» (datert 28.12.2023) går ho i dialog med dei og gjev ei grundig forklaring på korleis ho meiner at tematisk analyse (mykje brukt) og WPR (mykje brukt) kan kombinerast og ikkje. Det er ein heilt annan tone i den teksten og måten Bacchi generelt forholder seg til det faktumet at veldig, veldig mange nyttar arbeidet hennar på ulike måtar. Eg har meir sansen for Bacchi sin måte.

“Writing the report”

Punkt seks i tematisk analyse er å skriva. “Når du har jobba fram tema skriv du rapporten”. Den viktigaste innvendinga eg har mot tematisk analyse er at dette – etter mi meining – er ei heilt feil framstilling av tilhøvet mellom analyse og skriving.

Ein kan koda seg gul og blå (slik Braun og Clarke føreslår), eller jobba seg gjennom idear og tema på ein workshopp (slik eg føreslår), men til sjuande og sist er skriving analyse. Analysen blir til gjennom teksten. Eg utviklar analytiske tema (i streng Braun&Clarke-forstand) i skriveprosessen. Analyse skjer gjennom å formulera tekst, redigera tekst, få kommentarar på tekst, revidera tekst.

Forfattarane underkommuniserer, eller feilframstiller, dette med skriving som analysejobb. Dei er med på å skapa eit inntrykk av at du kan koda og kategorisera deg fram til analyse. Mange studentar og ph.d.-kandidatar har bede meg om hjelp når dei har koda heile datamaterialet og laga kategoriseringsskjema opp og ned og i mente, men så kjem dei ikkje vidare.

Mitt einaste tips er følgjande: begynn og skriv. Med ein gong.

Kjelder
  • Braun, Virginia og Victoria Clarke (2006) “Using thematic analysis in psychology”, Qualitative Research in Psychology 3(2): 77-101.
  • Widerberg, Karin (2001) Historien om et kvalitativt forskningsprosjekt, Oslo: Universitetsforlaget.
  • Eggebø, Helga (2020) “Kollektiv kvalitativ analyse”, Norsk sosiologisk tidsskrift, 02/2020, 4.
  • Johannessen, Lars E. F., Tore Witsø Rafoss og Erik Børve Rasmussen (2018) Hvordan bruke teori? : nyttige verktøy i kvalitativ analyse, Oslo: Universitetsforlaget.

Oppdatert 14. april 2025

10 thoughts on “Tematisk analyse – metodeartikkelen som (ikkje) løyste alt”

  1. Tusen takk for at du har tatt deg tid til å skrive denne artikkelen! En velskreven artikkel med en god beskrivelse av trinnene i tematisk analyse.

  2. Dag Gunnar Gunnar Brekke

    Hei
    Kan tematisk analyse samanlignes med det som heter framework approach ?

  3. Takk for hjelpsam oppsummering! Kva dato kan eg setje på det som kjelde?

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content