Utan familie i eit framand land

I etterkant av flyktningkrisa i 2015 har dei fleste europeiske land innførd strenge vilkår og ei rekke barrierar for retten til familiegjenforeining. Kva for konsekvensar har det for flyktningar å vera skild frå familien?

Ny psykologisk forsking frå den nordamerikanske konteksten gjev urovekkande svar på det spørsmålet. I artikkelen Understanding the Mental Health Consequences of Family Separation for Refugees: Implications for Policy and Practice skildrar forskarane alvorlege negative konsekvensar av å vera skilt frå familien.

I kvalitative intervju med flyktningar kom det tydeleg fram at det å vera skild frå familien hadde store negative konsekvensar for dagleglivet og livskvaliteten. Det var den heilt klårt mest sentrale årsaken til sorg, smerte, problemer i kvardagen og utfordringar knytt til det å bli integrert i eit nytt land.

I den kvantitative delen av undersøkinga målte forskarane forekomsten av ei rekke symptom på psykiske helseproblem blant flyktningar. Dei samanliknar personar som var skild frå familien, med personar som ikkje var det. Dei fant at det å vera skilt frå familien har ein sterk negativ effekt på den mentale helsa. Når forskarane målte effekten av 26 ulike traumer, viste det seg at det å vera skilt frå familien samt det å bli fysisk angipen, var dei to traumene som i størst grad forklarte psykiske helseproblem.

Forskarane bak studia peikar på at tidlegare forsking på flyktningar si psykiske helse først og fremst har fokusert på krigstraumer og ikkje på det å bli skild frå familien. Det er politiske grunnar til dette, meiner dei. Krig, væpna konflikt og krigstraumer er noko andre lands myndigheiter har skuld i. Familiesplittelse på den andre sida, er gjerne i like stor grad eit resultat av innvandringsreguleringar i vestlege land.

Dei konkluderer med at dei ødeleggande effektane det har å bli skild frå familien er til hinder for integrering i eit nytt land.

Kjelde:  Understanding the Mental Health Consequences of Family Separation for Refugees: Implications for Policy and Practice av Miller, Hess, Bybee and Goodkind, 2018,American Journal of Orthopsychiatry, vol 88, no 1 26-37.

Illustrasjonsbilde: Depression by yan melaugh, CC BY 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content