Velferdsprofitørene

Politikarane sett inn store ressursar for å ta trygdesvindlarane. Men ingen løftar ein finger for å hindra at multinasjonale konsern stikk av med mykje større summar frå fellesskapet. Linn Herning dokumenterer velferdsranet i den nye boka “Velferdsprofitørene”.

Dei siste åra har Herning arbeidd med å dokumentera kor det blir av pengane som velferdsstaten og vanlege folk betaler til private selskap som driv barnehagar og sjukeheimar i Noreg. Selskapa hevdar dei ikkje “tek ut profitt”, men gjennom kompliserte selskapsstrukturar og kreativ bokføring hentar dei ut hundrevis av millionar.

I ein kronikk om boka presenterer Herning eitt av alle dei slåande døma ho dokumenterer i boka: Noregs største barnehageselskap Espira vart for nokre år sidan kjøpt av investeringsselskapet for 300 millionar. Nokre år seinare vart det seld for omlag 850 millionar. I 2012 mottok Espira 909 millionar i offentlege tilskot. Ingen veit kor mykje av dette som har gått rett i lommane på private investorar som ikkje har bidratt med noko som helst i oppbygging av selskapet.

Store summer blir på kreativt vis overført frå felleskassa til private lommar, men på heilt andre måtar enn under rekneskapsposten “utbytte”. Teknikkane kan vera å låna pengar av eigne selskap eller betala kunstig høge “husleiger” til andre selskap med same eigar.

Herning er særleg oppteken av mangelen på offentleg debatt og kunnskap om velferdsranet. Medan trygdesvindel får stor merksemd, er det ingen som snakkar om profittfesten. Årets trygdesvindel består i at litt over 500 personar har svindla til seg i snitt 200.000 kroner kvar, skriver Herning.

Men gjennom det sugerøyret velferdsprofitørane har i statskassa strøymer det ut hundretals millionar. Dei verkelege NAVarane – som lever av våre skattepengar utan å bidra eller yta – er oppkjøpsselskapa i velferdsbransjen.

“Velferdsprofitørene” får strålande kritikk frå avisa Dagens Næringsliv. Skussmålet er at ho er solid og bidreg til ein meir opplyst offentleg debatt. Og Synne Corell, som melder boka, kommenterer at viss dette er innanfor lovens grenser må det vera noko gale med lova.

Illustrasjonsfoto: Free trade 2006 av Christopher Dombres, CC BY 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content