Det var nok ein juledag med regn og mildvêr, akkurat slik eg har vore van med frå oppveksen i Sandnes. Plenen var grønaktig, og dei berre trea duva mjukt i sørvesten. Det var midtvinter i nord, men eg trong ikkje verken vottar eller huve. Gradestokken viste åtte plussgrader.

Skydekket var halvhøgt og sollyset bak fjella gløtta gjennom på sørhimmelen, og laga eit sølvblankt band langs land der borte på den andre sida av fjorden. Mørketid, men ikkje så mørkt likevel. Minst fire timar dagslys også denne første veka etter vintersolverv.

Isen la seg på vatna
Rundt nyttår skifta draget i lufta, og temperaturen sank med tjue grader. i løpet av eit par døgn fraus Soløyvatnet til. Med temperaturar ned mot 15 minus gjekk det fort frå ope vatn til glasklår is. Meldingar om skøyteis dukka opp fortare enn eg hadde trudd, og no var det berre å nytta høvet før snøen kom.
Eg likar ikkje å bli kald på rumpa, føtene og hendene, så eg kledde meg godt til skøytetur: stillongs, ulltruser, ullbukse, vindtett bukse, leggvarmarar, grålestar, nettingull, ullskjorte, tynn dunjakke, vindjakke, balaklava og doble vottar. Dessutan hadde eg stive vinterstøvlar, hjelm og ispiggar hengande rundt halsen som eit organsje ordførarkjede.
Ein sommarfuglskare av iskrystallar
Eg festa turskøytene på skoa, og jekka bindingen stram rundt anklane. Langs land kunne eg sjå at isen hadde frose fast bølgjene i sandbotn. I sommar hadde me bada her.

Jarna til andre skøyteløparar hadde ripa opp isen og laga kvite striper kor kulda og fukta hadde trylla fram ein skare av isblomar. Store, fjørlette iskrystallar pryda den blanke overflata. Det var som om ein stor skare av issommarfuglar hadde landa og slått seg til på skøyteisen.
Er isen trygg?
Eg våga meg gradvis lenger ut på isen, og kunne sjå at isen var tjukk i skøytane der isflaka hadde møtt kvarandre og frose fast. Det var meldt om over 10 cm is dagen før, og måtte ha frose på endå meir i løpet av natta. Men då eg møtte på den svarte stålisen kjende eg likevel uroa i kroppen. Kva om det plutseleg var tynn is eller ei råk her?

Eg hadde ekstra klede i ein vasstett pose i sekken, stavar og ispiggar, så eg var utstyrt til å berga livet. Men eg hadde ikkje lyst på eit ufrivillig isbad, og i alle fall ikkje lyst til å drukna i ei råk. Livet er for interessant til det.
Lengre inne ved land stod ein mann og borra hol i isen til pilkestenger og snøre. Eg fekk låna borret og skøyta utover for å testborra. Det var rikeleg tjukk is alle stadene eg borra, og eg kjende meg tryggare. Tryggare og dermed så fri på isen!
Lyset speglar seg
Lyset i sør var gyllent over Børvasstindan, og spegla seg så klårt i isen at verda skein i gull. Eg måtte le høgt der eg suste over den glatte, kalde og mørke flata. Eg suste på overflata i sånn fart at eg følte eg flaug.

Den neste timen vart isen og sørhimmelen meir og meir rosa. Solstråler i låg vinkel filtrerer ut det blå lyset og lagar den varme fargen på himmelen. Det rosa stod i kontrast til den lyseblå snøen.
Etter kvart tente eg eit bjørkebål på den kvitlagte badestranda, og no bidrog dei gule, varme flammane med endå eit lag av kontrastar.

Meir, meir!
Det var ingenting eg heller ville enn å gå meir og lengre på den svarte glasisen. Etter middag, i kveldinga, tok eg ein ny tur til Soløyvatnet. No var det lysforureininga frå byen, flomlyset frå skibakken og ikkje minst fullmånen som spegla seg i det svarte.
I halvmørket verka det endå meir usannsynleg at den ruglete lyden av skøyter mot is ikkje fanst denne kvelden. Isen var heilt glatt, og den einaste lysen var skraping av skøyteskjæra mot isen.
Myra på veg ut i vatnet
Inne ved land på andre sida av Soløyvatnet er det meterhøge erosjonskantar der myra gradvis eroderer ut i vatnet. Ei bjørk står heilt på kanten og er på god veg uti. Nedst ved isen stikk det ut gamle greiner og trestammar som må ha låge nedi myra lenge.
Det hang rad på rad av istappar frå øvste myrkanten og nedover mot vatnet og isen. Til og med lyngen har fått lange drypptappar. Som stalakittar som har bygd seg nedover med tyngdekrafta.

Eg kunne gått på skøyter heile natta! Eller, eg kunne ikkje det. Eg byrja bli sliten i anklane og kroppen, og det er godt å koma heim, godt å sova. Men det var ingenting eg heller ville enn meir skøyter, meir svart is, meir rosa og gyllen is dagen etterpå også.
Det hadde lava ned
Eg vart litt skuffa då eg stod opp søndag morgon og såg at det hadde lava ned. Snødekket låg i same høgde som pallekarmane i hagen, og det snødde jamt. Det var vindstille og terasserekkverket var pynta med 15 mjuk puddersnø.
Eg blir vanlegvis yr av glede når det endeleg kjem mengdar med snø. Men akkurat no var den magiske skøyteisen endå meir freistane. Vel, vel. Isen var, som alt anna, garantert dekt av eit tjukt snølag. Snøiveren steig i løpet av frukosten. Eg kledde på meg, spente på skia i carporten og labba nedover gata mot den nye kyststien langs havet mot Bodøsjøen. I dag var kyststien skiløype! Vel, løypene måtte eg brøyta sjølv, men stien var god og ha for det var ikkje nok snø til å dekka steinar, tuer og svaberg.

Ei ørn flyg over blågrått hav
Det snødde og snødde. Eg såg berre dei næraste blågrå delane av havet. Alt anna forsvann i det gråkvite. Plutseleg såg eg ei ørn som flaug i strandkanten. Svart siluett, men tydeleg kvite halefjør. Ørna og eg var dei einaste som var ute.
I havkanten flaug det opp to kråker, men eg såg framleis ikkje teikn til folk. Vanlegvis er det tettpakka kø på kyststien ein søndag føremiddag. Men no såg det ut som dei fleste prioriterte å spa ut bilane og måka oppkjørslane. Eg likar betre å gå på ski.

Ein benk stod som ein svart siluett mot det blågrå havet og den gråkvite snøen i lufta og på marka. Eg skulle setja meg på ein av benkane og drikka te pakka inn i den tjukkaste dunjakka. Der flaug det ei and langs land. Raske vingeslag og i ei jamn linje ein meter over havflata.
Heim igjen
Då eg labba tilbake hadde spora mine halvvegs snødd og blæse igjen allereie. Eg hadde vinden i ansiktet og snøen smaug seg inn mellom laga i nakken og i hårfestet langs huvekanten. Eg er van med snøvêr, og snødrev i andletet får meg til å minnast fine vinterteltturar med dei beste folka. Siste del av turen, gjennom byggefeltet, var folk framleis ute med snøskuffer og småungar på akebrett. Men no var det også mange hus kor snøen var pent rydda bort, og med parkering til 3-4 bilar per hus slik som vanleg. Bil er populært i Mørkvedbukta. Kyststien er også populær, men kanskje mest når det er barmark. Kva skal eg med hytte når eg har hus ved havet?

Foto: Helga Eggebø