Som føredragshaldar får eg gode skotsmål og blir tala om som fagleg sterk, engasjerande og lett å forstå. Eg stiller gjerne opp for di forskargruppe, for din organisasjon eller dine studentar.
Dei fleste føredraga er knytt til forskinga mi om innvandringsregulering; levekår blant skeive; aldring og omsorg; klima og likestilling og kollektiv kvalitativ analyse. Eg har også halde mange føredrag om likestillingspolitikk, basert på det arbeidet eg var med på i det regjeringsoppnemnte Likestillingsutvalet.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
Det er berre å ta kontakt!
Døme på føredrag:
- «Kollektiv kvalitativ analyse», føredrag for Riksrevisjonen, november 2021
- «Tematisk analyse i praksis», phd-seminar ved Nord Universitet, juni 2021.
- «Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår», ved Oslo Pride, juni 2021
- «Norsk klimapolitikk – er kjønnsperspektiver relevant?», for Kulturdepartementet, september 2021
- «Sosial omsorg – ein blind flekk?», ved Nasjonal konferanse om alders- og sykehjemsmedisin, mars 2019
- «Diskriminering og migrasjon», gjesteførelesning ved Politihøgskolen, oktober 2018
- «Likestilling i det politiske landsskapet», for Norsk tjenestemannslag, mars 2018
- «Skeiv på bygda», fagdag for ansatte i grunnskolen i Narvik kommune, november 2016
Lang erfaring
Eg har lang erfaring med å halda føredrag, for ulike målgruppe, innanfor mine kompetanseområde. Allereie i slutten av tenåra hold eg mange føredrag og organiserte workshopar innanfor organisasjonsliv og ungdomspolitikk, og den erfaringar har eg hatt god nytte av i mitt seinare faglege arbeid. Dei siste 15 åra har eg halde 22 føredrag ved forskarkonferansar og nesten 50 vitskaplege føredrag for sivilsamfunn, fagfolk og offentlege myndigheiter. I tillegg stiller eg jamleg som gjesteførelesar ved universitet og høgskular.