Eg er sosiolog og jobbar som forskar II ved Nordlandsforskning i Bodø. Eg forskar på regulering av innvandring; levekår blant skeive; aldring og omsorg; klima og likestilling. Les meir om arbeidet mitt under!
Helga jobbar som forskar ved Nordlandsforsking (Foto: Karoline O.A. Pettersen).
Dei siste åra har eg og kollegar gjennomført ei rekke forskingsprosjekt om levekår blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar – eller skeive – i Noreg. Korleis er det å vera skeiv på bygda i Noreg, og kva er erfaringane til dei av oss som er skeive med innvandrarbakgrunn? Desse spørsmåla har eg forska på og skrive om i rapportane “Skeiv på bygda” og “Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn”. Som ein del av forskingsprosjektet Levekår blant skeive har eg og samarbeidspartnarar publisert rapportane “Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår”, “Skeive livsløp” og “Interkjønn og variasjon i kroppslig kjønnsutvikling”. No jobbar eg med eit prosjekt om helsetilbod for transpersonar og eit anna om såkalla konverteringsterapi.
Aldring og omsorg
Kva skal til for å leva gode liv når me blir gamle? Korleis kan me sikra gode helse- og omsorgstenester? I eit forskingsprosjekt om aldring i rurale størk, fann eg og kollegar ut at sosial omsorg er ein blind flekk i den norske eldreomsorga. Sosial omsorg er å sjå folk for den dei er og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar. Kva som er meiningsfylte aktivitetar for kvar og ein av oss heng saman med tida og staden me har levd livet vårt, det har eg skrive om i artikkelen “Land, history and people”.
Klima og likestilling
Likestillingspolitikk er eit tema eg har jobba med i over 15 år no, og dei siste åra har eg blitt stadig meir interessert i klimapolitikk. I forskingsprosjektet SEQUAL undersøkjer eg og kollegar tilhøvet mellom klimapolitikk og likestillingspolitikk og me finn at norsk klimapolitikk manglar kjønnsperpsektiv. Dette har me skrive om i den vitskaplege artikkelen “Gaps and silences. Gender Perspectives in Norwegian Climate Policy” som er under fagfellevurdering i skrivande stund. Eg har allereie fått høve til å snakka om desse forskingsfunna for Kulturdepartementet, Kilden kjønnsforskning og ved Nottingham University.
Kollektive forskingsmetodar
Forsking kan vera einsamt arbeid, og eg likar best å jobba i lag med folk. Det er nok grunnen til at eg dei siste åra har vore oppteken av å utvikla kollektive metodar for forsking. I ein artikkel i Norsk sosiologisk tidsskrift har eg skrive om “Kollektiv kvalitativ analyse”. Det er ein etterretteleg og effektiv metode for å ta fatt på analysearbeidet i lag. Metoden har allereie vekka interesse, og det er med glede og engasjement at eg held føredrag og kurs i metoden.
Å skriva er både krevjande og kjekt, syns Helga (Foto: Karoline O.A. Pettersen).
Fagfellevurderte publikasjonar
Staver, Anne og Helga Eggebø (under fagfellevurdering) «Everything but the marriage certificate: Unmarried partners in Norwegian immigration regulation», Social Politics.
Eggebø, Helga, Aase Kristine Lundberg og Mari Teigen (under fagfellevurdering) «Gaps and Silences: Gender perspectives in Norwegian Climate Policy», Social Politics.
Eggebø, Helga, Vilde Hernes og Anne Staver (under fagfellevurdering) «Do integration requirements undermine egalitarianism?» i Lo, C. og Astrid Dankertsen (red.) «Norwegian Egalitarianism in Transition». Universitetsforlaget.
Eggebø, Helga og Elisabeth Stubberud (2022, under publisering) «Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet» i Hustand, D., T. Hellesund, R. Jordåen og M. G. Munch-Møller (red.) Skeive lokalhistorier – en bok om sted, identitet og overskridelser, Nasjonalbiblioteket.
Stubberud, Elisabeth og Helga Eggebø (2020) “Voldsutsatthet blant skeive med innvandrerbakgrunn” i A. Bredal, H. Eggebø, og A. Eriksen (red.) Vold i nære relasjoner i et mangfoldig Norge, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, side 107-125.
Bredal, Anja, Helga Eggebø og Astrid Eriksen (2020) “Mangfoldsperspektiver i forskning på vold i nære relasjoner” i A. Bredal, H. Eggebø, og A. Eriksen (red.) Vold i nære relasjoner i et mangfoldig Norge, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, side 9-30.