Om meg

Eg er Helga Eggebø – forskar, føredragshaldar og skribent. Eg har ein doktorgrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen, og til dagleg jobbar eg som forskar I ved Nordlandsforskning i Bodø. Mine viktigaste forskingsinteresser er regulering av innvandring, levekår blant skeive og aldring og omsorg.

Bilde av Helga

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Eg er ein engasjert formidlar av forsking, i form av føredrag, kronikkar og bloggpostar. Formidlingsarbeidet mitt er trekt fram i fagboka «Kunsten å formidle forsking» og eg er fast gjesteskribent i Forskerforum.

Eg held føredrag for studentar, forskarar, offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar eller andre. Eg skriv også kronikkar eller andre fagtekstar på førespurnad, og er tilgjengeleg for kommentar i aviser og radio.


Kontakt meg gjerne

Bloggen min og eg

Som lesar av bloggen min får du også bli kjent med andre sider ved meg enn den profesjonelle forskaren. Her skriv eg ofte meir personlege tekstar om livet slik det til ei kvar tid er, om det som vekker kjensler, anten det er entusiasme, glede, sinne eller tristheit. Til dømes skriv eg om hausting og matlaging, forelderskap, friluftsliv i nord, miljøaktivisme og om kjensler og kvaler i forskarlivet. På bloggen kan eg skriva friare enn innanfor dei nokså snevre rammene for akademiske tekstar, og då treff forskinga hjartet på ein annan måte.

Bilde av Helga

Å skriva frå hjarta, ut frå kjensler og engasjement, det er det kjekkaste (Foto: Karoline O.A. Pettersen)

Skip to content