Eg er sosiolog og jobbar som forskar I ved Nordlandsforskning i Bodø. Eg forskar på regulering av innvandring; levekår blant skeive; aldring og omsorg; klima og likestilling. På bakgrunn av dei forskingsprosjekta eg har gjennomført dei siste åra har eg, i lag med kollegar, utvikla metoden “kollektiv kvalitativ analyse”.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
Innvandringsregulering
I 2013 disputerte eg over avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Artiklane “A Real Marriage?”, “The Problem of Dependency” og “With a heavy heart” er mykje sitert i den internasjonale faglitteraturen. Seinare har eg skrive om familieinnvandring og integrering, og om korleis innvandringspolitikken er prega av mellombels opphaldsløyve og usikkerheit for stadig fleire gruppe innvandrarar. I bokkapittelet “Follow the Money” har eg skrive om innføringa av inntektskrav for permanent opphald, og i vår nyaste artikkel “Everything but the marriage certificate” har me skrive om regulering av sambuarskap i norsk utlendingsrett. I forskingsprosjektet REMIMO (2021-2025) undersøkjer me inntektskrav som verktøy i innvandringspolitikken og kva konsekvensar dette fører med seg.
Levekår blant skeive
Dei siste åra har eg og kollegar gjennomført ei rekke forskingsprosjekt om levekår blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar – eller skeive – i Noreg. Korleis er det å vera skeiv på bygda i Noreg, og kva er erfaringane til dei av oss som er skeive med innvandrarbakgrunn? Desse spørsmåla har eg forska på og skrive om i rapportane “Skeiv på bygda” og “Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn”. Som ein del av forskingsprosjektet Levekår blant skeive har eg og samarbeidspartnarar publisert rapportane “Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår”, “Skeive livsløp” og “Interkjønn og variasjon i kroppslig kjønnsutvikling”. Artikkelen “Skeive liv. Felles fortellinger på tvers av forskjeller” er basert på dette arbeidet, og her skildrar me seks viktige fellesnemnarar i skeive liv, på tvers av forskjellar. I kapittelet “Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet” analyserer me kulturelle hovudforteljingar og motforteljingar i data frå prosjekta “Skeiv på bygda” og “Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn”.
Aldring og omsorg
Kva skal til for å leva gode liv når me blir gamle? Korleis kan me sikra gode helse- og omsorgstenester? I eit forskingsprosjekt om aldring i rurale størk, fann eg og kollegar ut at sosial omsorg er ein blind flekk i den norske eldreomsorga. Sosial omsorg er å sjå folk for den dei er og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar. Kva som er meiningsfylte aktivitetar for kvar og ein av oss heng saman med tida og staden me har levd livet vårt, det har eg skrive om i artikkelen “Land, history and people”. I samarbeid med Tana og Steigen kommunar leiar eg forskingsprosjektet “Aktiv og meningsfylt hverdag”, og i rapporten “Aktivitet og fellesskap blant eldre” skriv me om korleis kommunane kan styrka den sosiale omsorgen.
Klima og likestilling
Likestillingspolitikk er eit tema eg har jobba med i over 15 år no, og dei siste åra har eg blitt stadig meir interessert i klimapolitikk. I forskingsprosjektet SEQUAL undersøkjer eg og kollegar tilhøvet mellom klimapolitikk og likestillingspolitikk og me finn at norsk klimapolitikk manglar kjønnsperpsektiv. Dette har me skrive om i den vitskaplege artikkelen “Gaps and silences. Gender and Climate Policies in the Global North”. Eg har allereie fått høve til å snakka om desse forskingsfunna for Kulturdepartementet, Kilden kjønnsforskning, Nottingham University og Bergen Summer School.
Kvalitativ metode
Forsking kan vera einsamt arbeid, og eg likar best å jobba i lag med folk. Det er nok grunnen til at eg dei siste åra har vore oppteken av å utvikla kollektive metodar for forsking. I ein artikkel i Norsk sosiologisk tidsskrift har eg skrive om “Kollektiv kvalitativ analyse”. Det er ein etterretteleg og effektiv metode for å ta fatt på analysearbeidet i lag. Metoden har allereie vekka interesse, og det er med glede og engasjement at eg held føredrag og kurs i metoden. Artikkelen er også omsett til engelsk.
I 2024 vart læreboka «Etisk ubehag» (red. Bringedal & Kurse) publisert på Universitetsforlaget. Eg har hatt gleda av å skriva eit av kapitla i denne fine og viktige boka: «Farvel til feltet: I spennet mellom ulike etiske omsyn». Det var ei uvanleg stor glede å skriva denne teksten – frå hjarte og med eit fantastisk fellesskap av forfattarar og redaktørar. Eg kan anbefala både kapittelet og denne teksten om vidunderleg skriverus.
Fagfellevurderte publikasjonar
- Leirvik, Mariann Stærkebye, Tone Maia Liodden og Helga Eggebø (under fagfellevurdering) “’It must be really difficult for the less privileged’. How class affects the legal consciousness of immigrants in Norway” og Tone Liodden «What about the less priviledged”. Journal of ethnic and migration studies.
- Linn Normand, Helga Eggebø, Simay Abay, Farseen Ali Puthanveettil, Fatima Mokdad, Negera Gudeta Adula, Chiamaka Akpuogwu, and Charles Murata. (under fagfellevurdering) “Practicing inclusive research: Collective Qualitative Analysis of minoritized archival materials” International Journal of Inclusive Education.
- Eggebø, Helga (under fagfellevurdering) «Kvalitativ samtaleseriar med kommunar : Samtalen som verktøy for samarbeid, tenesteutvikling og forsking», Tidsskrift for Omsorgsforskning.
- Eggebø, Helga og Anne Staver (2025) «Mot en mer marginal velferdsmodell: Innstramninger i innvandreres tilgang til sosiale rettigheter etter 2015». Tidsskrift for samfunnsforskning 2/25.
- Eggebø, Helga (2024) «Farvel til feltet: I spennet mellom ulike etiske omsyn» i «Etisk ubehag : en ærlig lærebok om kvalitativ forskning på sensitive temaer» (red) Houge, Anette Bringedal og Anja Emilie Kurse, Universitetsforlaget. Staver, Anne og Helga Eggebø (2023) «Everything but the marriage certificate: Unmarried partners in Norwegian immigration regulation», Social Politics. International studies in Gender, State & Society.
- Eggebø, Helga, Aase Kristine Lundberg og Mari Teigen (2022) «Gaps and Silences: Gender and Climate Policies in the Global North», Social Politics. International studies in Gender, State & Society.
- Eggebø, Helga, Vilde Hernes og Anne Staver (2023) «Do integration requirements undermine egalitarianism?» i Lo, C. og Astrid Dankertsen (red.) «The End of Norwegian Egalitarianism?». Universitetsforlaget.
- Eggebø, Helga og Elisabeth Stubberud (2022) «Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet» i Hustand, D., T. Hellesund, R. Jordåen og M. G. Munch-Møller (red.) Skeive lokalhistorier – en bok om sted, identitet og overskridelser, Nasjonalbiblioteket.
- Stubberud, Elisabeth, Helga Eggebø og Norman Anderssen (2022) «Skeive liv: Felles fortellinger på tvers av forskjeller», i Lambda Nordica 26(4-1), 50-73.
- Eggebø, Helga og Anne Staver (2021) “Follow the money: Income requirements in Norwegian Immigration Regulations” i T. de Lange, A. Schrauwen, og W. Maas (red.) Money Matters in Migration, Cambridge: Cambridge University Press.
- Schönfelder, Walter, Helga Eggebø og Mai Camilla Munkejord (2020) «Social care for older people – a blind spot in the Norwegian care system», Social Work in Health Care.
- Eggebø, Helga og Anne Staver (2020) “Mer midlertidighet. Innvandringspolitikken etter asylforliket”, Nytt norsk tidsskrift. 37(2):125-136.
- Eggebø, Helga, Henrik Karlstrøm og Elisabeth Stubberud (2020) “Diskriminering og sosial ekskludering av skeive med innvandrerbakgrunn”, Tidsskrift for kjønnsforskning 44(2): 132-151.
- Eggebø, Helga (2020) “Kollektiv kvalitativ analyse”, Norsk sosiologisk tidsskrift 4(2): 106-122.
- Stubberud, Elisabeth og Helga Eggebø (2020) “Voldsutsatthet blant skeive med innvandrerbakgrunn” i A. Bredal, H. Eggebø, og A. Eriksen (red.) Vold i nære relasjoner i et mangfoldig Norge, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, side 107-125. (English translation available).
- Bredal, Anja, Helga Eggebø og Astrid Eriksen (2020) “Mangfoldsperspektiver i forskning på vold i nære relasjoner” i A. Bredal, H. Eggebø, og A. Eriksen (red.) Vold i nære relasjoner i et mangfoldig Norge, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, side 9-30.
- Munkejord, Mai Camilla, Walter Schönfelder and Helga Eggebø (2019) “Voices from the North: Stories About Active Ageing, Everyday Life and Home-Based Care Among Older People in Northern Norway” i P. Naskali, J. R. Harbison, og S. Begum (red.) New Challenges to Ageing in the Rural North: A Critical Interdisciplinary Perspective, Cham: Springer International Publishing, side 193-206.
- Eggebø, Helga and Jan-Paul Brekke (2019) “Family migration and integration – The need for a new research agenda”, Nordic Journal of Migration Research 4(4).
- Eggebø, Helga, Mai Camilla Munkejord and Walter Schönfelder (2019) “Land, History and People: Older people’s Stories about Meaningful Activities and Social Relations in Later Life”, Journal of Population Ageing.
- Munkejord, Mai Camillla, Walter Scönfelder og Helga Eggebø (2018) “Sosial omsorg − fra blind flekk til sentralt innsatsområde i hjemmebasert eldreomsorg?” Tidsskrift for omsorgsforskning 4 (3): 297-305
- Munkejord, Mai Camilla, Helga Eggebø og Walter Schönfelder (2018) “Hjemme best? En tematisk analyse av eldres fortellinger om omsorg og trygghet i eget hjem”, Tidsskrift for Omsorgsforskning 4(1): 6-16.
- Eggebø, Helga (2013) “A real marriage?: Applying for marriage migration to Norway”. Journal of Ethnic and Migration Studies 39 (5): 773-789.
- Eggebø, Helga (2013) “’With a heavy heart’. Ethics, emotions and rationality in immigration administration”. Sociology. 47 (2) 301-317.
- Eggebø, Helga (2010) “The Problem of Dependency: Immigration, Gender and the Welfare state.” Social Politics 17(3): 295-322.