
Jobbar du med å analysera kvalitative data? Intervju, feltarbeid eller dokumentanalyse? Har du opplevd å sitta der med fleire hundretals sider med transkripsjonar og lurt på kva du skal gjera? Korleis du skal gå i gang med å analysera alt dette? Du er ikkje åleine.
Kollektiv kvalitativ analyse er ein effektiv og engasjerande måte å koma i gang med analysearbeidet på. Det er ein stegvis prosess som to eller fleire deltakarar gjennomfører i løpet av ein workshop. Metoden har følgjande trinn:
- Datareduksjon, det vil seia å skriva samandrag av alle data som inngår i analysen.
- Felles gjennomgang av datamaterialet.
- Open idemyldring kor ein kartlegg tema i datamaterialet og relevant tidlegare forsking.
- Sortering og drøfting av tema.
- Arbeidsplan og disposisjon.
Gruppa arbeider med tusjar, tavler og ark som blir hengt opp på veggen og flytta rundt som ein del av diskusjonen. Å involvera kroppen på denne måten stimulerer tankeprosessen.

Vil du læra meir om kollektiv kvalitativ analyse? Eg skriv nyheitsbrev om metoden og andre former for kollektiv arbeid i akademia. Velkommen på lista!

På bloggen min skriv eg ærleg og personleg om kvardagen i akademia. Eg skriv om kor vanskeleg det kan vera å bli fagfellevurdert, og slår eit slag for meir ros og fleire fanbrev. Eg deler også mine beste tips til korleis du får skrivejobben gjort anten livet byr på tunge stunder eller skriverus i midnattsol. Les meir om akademisk arbeid her.
Foto: Marta Anna Løvberg
Kva seier andre om kollektiv kvalitativ analyse?
Bachelorstudent:
«En ny og effektiv måte å jobbe på. Lærerikt».
Ph.d.-kandidat:
Et effektivt ledet seminar over to dager, perfekt tilrettelagt til akkurat mine behov, både faglige og med hensyn til sykdom. Å bli tiltrodd ansvar for min egen læring, mine egne data og min fagkunnskap. Det var en stor opplevelse å se hvordan du kunne lede arbeidet og analysen uten å kjenne feltet eller dataene. Så stilig å erfare kollektivt tankearbeid i praksis - å bli geleidet gjennom metoden som jeg kjente godt, men bare utenfra, fra artikler og foredrag. I praksis var det mye mer nyttig og knytta til konkrete mål enn hadde vært mulig for meg å få til på egen hånd. Jeg opplevde å bli utfordra, men ikke pressa.
Forsker:
«Dette er forresten akkurat sånn jeg jobba med forskningsgruppa som gjorde feltarbeid og intervjuer på det vi kalte elitegymnas i Oslo, så her er det mange som har gjort ting i praksis uten å skrive det ned og formidle det - kanskje på grunn av tid, og kanskje fordi dette har vært litt sånn overlevert kunnskap i praksis på forskningsprosjekt blant de heldige som har fått bli vitenskapelige assistenter e.l.»
Masterstudent i samfunnsvitskap: «Å, nei, tenkte eg då eg skjøna me skulle gjera gruppearbeid. Men no har eg fått alle fordommar motbevist. Eg likar eigentleg ikkje metode, men dette har vore supert! Stakkars dei som ikkje var her i dag [på seminar om kollektiv kvalitativ analyse]».
Fagfellevurderte publikasjonar
- Linn Normand, Helga Eggebø Simay Abay , Farseen Ali Puthanveettil, Fatima Mokdad, Negera Gudeta Adula, Chiamaka Akpuogwu, and Charles Murata (under fagfellevurdering) “Practicing inclusive research: Collective Qualitative Analysis of minoritized archival materials”.
- Eggebø, Helga og Anne Staver (2024) “Kollektiv analyse av innvandringspolitikk: Feministiske forskingsmetodar i praksis“. Tidsskrift for kjønnsforskning 8(1): 37-51.
- Eggebø, Helga (2020) «Kollektiv kvalitativ analyse». Norsk sosiologisk tidsskrift, 4(2), 106–122.
- Eggebø, H. (2020). “Collective qualitative analysis“. (V. Szepessy, Trans.) Norsk sosiologisk tidssskrift 4(2): 106-122.