Eg er Helga Eggebø – forskar, forfattar og føredragshaldar. Eg har ein doktorgrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen, og til dagleg jobbar eg som forskar I ved Nordlandsforskning i Bodø.
Det empiriske forskingsarbeidet mitt fokuserer på tre hovudtema: Innvandringsregulering; aldring og omsorg; og levekår blant skeive. I tillegg er eg oppteken av forskingsprosess og metode og har utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
Kontakt meg gjerne
Følg meg på sosiale medium
Bloggen min og eg
Som lesar av bloggen min får du også bli kjent med andre sider ved meg enn den profesjonelle forskaren. Her skriv eg ofte meir personlege tekstar om livet slik det til ei kvar tid er, om det som vekker kjensler, anten det er entusiasme, glede, sinne eller tristheit. Til dømes skriv eg om hausting og matlaging, forelderskap, friluftsliv i nord, miljøaktivisme og om kjensler og kvaler i forskarlivet. På bloggen kan eg skriva friare enn innanfor dei nokså snevre rammene for akademiske tekstar, og då treff forskinga hjartet på ein annan måte.
Her er siste nytt frå bloggen:
- Kollektiv kvalitativ analyse på vinterseminaret: Program
- Pepperkake
- Helga i Forskerforum
- Fika och metod
- Gleda over godt gruppearbeid
Foto: Karoline O.A. Pettersen
“Å skriva frå hjarta, ut frå kjensler og engasjement, det er det kjekkaste” – Helga Eggebø
Forskingsformidling
Allmennretta formidling har vore ein raud tråd i forskarlivet mitt, og sidan doktorgraden har eg skrive over 70 kronikkar i aviser og fagblad, og er fast gjestespaltist i Forskerforum. Då eg fekk opprykk til forskar 1 (tilsvarer professorkompetanse) var vurderingskomitéen særleg imponert over formidlingsevna.
Eggebø is a prolific writer (…) These varied and frequent forms of dissemination to academic and non-academic audiences are a particularly impressive aspect of Eggebø’s sustained emphasis on research-informed knowledge exchange.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
Føredrag og undervisning
Eg har langvarig og omfattende erfaring med undervisning, føredrag og workshopar for offentleg tilsette, studentar, organisasjonar og forskarar. Som ein workshopdeltakar nyleg sa det:
Helga, du er eit pedagogisk talent. Du burde undervist. Eller vore barneskulelærar for den del.
Døme på oppdrag:
- Workshop som kick-start på forskargruppa REMIMOs arbeid med søknader om opprykk, november 2024.
- Ekspertvitne for Home Office Committees høring om familieinnvandring, Storbritannias parlament, oktober 2022.
- «Academic stress», forelesning for “National Graduate School in Infection Biology and Antimicrobials”, oktober 2022.
- «Kollektiv kvalitativ analyse», føredrag for Riksrevisjonen, november 2021
- «Tematisk analyse i praksis», phd-seminar ved Nord Universitet, juni 2021.
- «Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår», ved Oslo Pride, juni 2021
- «Norsk klimapolitikk – er kjønnsperspektiver relevant?», for Kulturdepartementet, september 2021
- «Sosial omsorg – ein blind flekk?», ved Nasjonal konferanse om alders- og sykehjemsmedisin, mars 2019
- «Diskriminering og migrasjon», gjesteførelesning ved Politihøgskolen, oktober 2018
- «Likestilling i det politiske landsskapet», for Norsk tjenestemannslag, mars 2018
- «Skeiv på bygda», fagdag for ansatte i grunnskolen i Narvik kommune, november 2016