Eg er Helga Eggebø – forskar, føredragshaldar og skribent. Eg har ein doktorgrad i sosiolog frå Universitetet i Bergen, og til dagleg jobbar eg ved Nordlandsforskning i Bodø. Mine viktigaste forskingsinteresse er regulering av innvandring, levekår blant skeive og aldring og omsorg.
Eg er ein engasjert formidlar av forsking, i form av føredrag, kronikkar og bloggpostar. Formidlingsarbeidet mitt er trekt fram i fagboka «Kunsten å formidle forsking» og eg er fast gjesteskribent i Forskerforum.
Eg held føredrag for studentar, forskarar, offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar eller andre. Eg skriv også kronikkar eller andre fagtekstar på førespurnad, og er tilgjengeleg for kommentar i aviser og radio.
Kontakt meg gjerne:
Bloggen min og eg
Som lesar av bloggen min får du også bli kjent med andre sider ved meg enn den profesjonelle forskaren. Her skriv eg ofte meir personlege tekstar om livet slik det til ei kvar tid er, om det som vekker kjensler, anten det er entusiasme, glede, sinne eller tristheit. Til dømes skriv eg om hausting og matlaging, forelderskap, friluftsliv i nord, miljøaktivisme og om kjensler og kvaler i forskarlivet. På bloggen kan eg skriva friare enn innanfor dei nokså snevre rammene for akademiske tekstar, og då treff forskinga hjartet på ein annan måte.