List

40.000 barn og unge var i politisk streik på fredag. For miljøet, jorda og framtida vår, og mot politikarar som ikkje vil setta i verk tiltak som monner. Eg var så heldig at eg fekk høve til å vera med ei lita stund framføre Stortinget. Det var ei god kjensle og stå skulder ved skulder i lag med tusenvis av folk som kjempar for politisk endring.IMG_1364-1

Den gode gamle parolen frå Blekkulfklubben på 90-talet står seg: «Bruk hodet, vi har bare en klode». Andre gjengangarar blant dei flotte plakatane og bannara var «Erna koker kloden», «There is no planet B». «Alle vi som hopper nå, hopper for miljøet». Kampropet byrja i ein krok av forsamlinga og spreidde seg til eg stod og hoppa i lag med mange hundre andre. Grunnen rista under den koordinerte hoppinga. Dette er det kraft i, tenkte eg, endringskraft!

IMG_1362-1

Eg tenkjer eg skulle hatt med meg ein plakat sjølv. Til dømes: «Førtiåringar for framtida – me krev skyhøge parkeringsavifter og bompengar NO!» I tillegg til alle elevane var der også nokre lærarar, foreldre med småungar, journalistar, men kanskje også eit par andre halvgamlingar sånn som eg, som berre støttar saka og ville vera med.

IMG_1371

I Oslo var der visstnok over 15.000 barn og unge streikande framføre Stortinget. NRK og Facebookfeeden meldte om skulestreik alle andre stader også, både i Steigen og her heime i Bodø.

IMG_1369-1

Audun Herning delte ein tekst av Nordahl Grieg om det å «tru på» ungdommen, som eg syns det er verd å tenkja over no i samband med skulestreikane:

«Eldre folks syn på ungdommen er gjerne ett av to: de rakker ungdommen til, eller de «tror» på ungdommen. Det kan være et spørsmål om hvad som er verst. (…) Troen på ungdommen dekker i virkeligheten ofte over en like så skamløs impotens. «Vi har ikke klart å skape et anstendig liv og samfund», – sier mange mennesker – «derimot ungdommen! Ungdommen tror vi på!» Slik slår de sig resignert til ro med nederlaget, de innretter sig makelig på sammenbruddet og skyver hele ansvaret for en desperat fremtid over på andre skuldrer. Og de er ikke så lite rørt over sig selv, de synes at de er ganske storslåtte, de tror på ungdommen! Jeg har et ønske for mitt liv: at jeg aldri kommer til å tro på ungdommen! Derimot håper jeg å stå sammen med, være ansvarlig med den ungdom som kjemper den revolusjonære kamp for menneskenes frihet og fred. Bare den tro som er delaktighet, er nødvendig i de tider vi går imøte!»

Tydeleg bodskap til alle dei av oss som er for gamle til å vera ungdommar sjølv. Ikkje tru på ungdommen, men stå saman med dei unge som kjempar for miljøet, jorda og framtida vår. Me veit kva som skal til for å få til dette: stem på dei rette politikarane (for dei av oss som er gamle nok til å ha stemmerett), kutt ut forurenande transport, bruk mindre ting, et mindre kjøt og så bortetter. Dersom me står saman har me den krafta som skal til for å endra verda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

april 1st, 2019

Rep-kolleksjon 2019

Både heime, i barnehagen, på veg til jobb og ute går heile familien rundt i stillongs og ullskjorter. Magnus slit […]

mars 24th, 2019

Endringskraft

40.000 barn og unge var i politisk streik på fredag. For miljøet, jorda og framtida vår, og mot politikarar som […]

mars 18th, 2019

Skrivetid

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. […]

mars 4th, 2019

Hytta i Beiarn

Familien til Marius har bygd ei fantastisk tømmerhytte i Beiarn – eit eldorado for skikøyring berre halvanna times køyring heimefrå. […]

januar 28th, 2019

Grande blir likestillingsminister og Ropstad sit igjen med pengesekken

Når likestillingspolitikken skal ut av departementet, sit Kjell Ingolf Ropstad igjen med heile pengesekken. Det er dei 30 milliardane – […]

januar 27th, 2019

To år

Om nokre få timar er det nøyaktig 2 år sidan Magnus vart fødd. Hurra for han, og gratulerer så mykje […]

januar 17th, 2019

Mot normalt

Eg har hatt stor glede av bøkene som Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof har gjeve ut i Samlaget […]

januar 10th, 2019

Go green, Norlandia!

Tidlegare denne veka skreiv eg om klimapolitikk nedanfrå, som ein metode for å kvitta seg med den pasifiserande klimaangsten og […]

januar 7th, 2019

Klimapolitikk nedanfrå

2018 var året då klimaangsten tok meg fullstendig. Ein lengre periode med over 30 grader i Bodø i sommar var […]

desember 17th, 2018

Parkeringsplassar så langt auga kan sjå

Me bur på Mørkved, som er ein stor og tett befolka bydel i den veksande småbyen Bodø. Her står einebustadene […]