Utopi eller dystopi?

Utopi eller dystopi? Kva ser du?

Ser du eit landskap rasert av næringsbygg og asfalt, og ein uhyggeleg soloppgang over dei harde speglflatene? Ser du privatbilar tett i tett som eit manifest over feilslått modernitet, og ein råflott sykkelveg som er fullstendig tom? Ser du at privatbilismen som har fått leggja premissa for all arkitektur og arealplanleggjing, og at bilvegen er norma og modellen som alle andre former for rørsle er organisert etter? Ser du ein sykkelstamveg som slynger seg over og rundt motorvegen, eit inneffektiv og feilslått organiserande prinsipp som har lege fast sidan 60-70-talet?

Eller ser du ei framtid kor bilane stampar i kø medan syklistane – som endeleg har fått ein like påkosta veg – suser effektivt og stilt av garde mot jobb og barnehage? Ser du sunne og glade menneske som ikkje er like avhengige av biltransport lenger, men som har gleda av frisk luft, vind i håret og mosjon på veg en? Ser du morgondagens transportformer som eit berekraftig prosjekt? Areal- og transportplanlegging som ikkje har bilen som norm, men prioriterer sykkelveg og bussveg til glede for menneske og klima? Ser du ein motorveg som aldri skal bli breiare, ingen nye skjeringar og påkøyringsramper, for no er det transportrevolusjon på gong?

Eller ser du ei framtid der middelklasseeliten med påkosta elsyklar eller fjørlette landevegssyklar i karbon har fått gjennomslag for endå eit privilegium, nemleg ein rådyr sykkelveg som mest ikkje er i bruk utanom eit par hundre syklistar som suser forbi klokka 0730-0800 og 15.30-16.00? Ser du motorveghataranes siger? MDGs som premissleverandør i stadenfor det folkelege opprøret mot bompengar? Ser du vanlege folk i gamle fossilbilar som må stampa i kø for å koma seg til slitarjobbane? Ser du ungar som syklar til skulen og må klara seg med oppstykka fortau, farlege kryss og oppsprekt asfalt? Ei framtid der middelklasseeliten har brukt opp alle fellesskapets pengar på sykkelhobbyen sin, og dermed sett den endelege spikaren i kista for eit bybaneprosjekt som ville vore tilgjengeleg for allet?

Kva ser du?

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content