Nokre morgonar er betre enn andre. I dag var ein sånn morgon. Klokka halv åtte var det meste av morgonstellet gjort og sekkane pakka til skule, barnehage og arbeid. Ingen hadde hylt, slåss, brote saman eller vandra uroleg att og fram til kjøkkenbenken.
-Me speler ein runde med Dyrene i Afrika. Kom igjen! sa Magnus.
Ukulelen og fløyta låg på enden av spisebordet og han var allereie i gong med å pakka opp.
-Å, for ein god ide! Erklærte eg og pakka kjapt opp fløyta og sette saman dei tre delane til eit stykkje sølvrøyr med klaviatur.
-Eg vil også! Sa Ingeborg og stod klar med melodikaen fortare enn svint.
-Nei, ikkje Ingeborg. Det blir støgt! meinte Magnus.
-Joda, ho får vera med. Det blir fint nok.
Til mi store overrasking protesterte han ikkje meir. Han slengde heller ikkje frå seg ukulelen og gjekk i protest.
Eg løfta fløyta og var klar. Sjølv om eg er klassisk skulert og aldri har lært meg å spela etter øyra, hadde eg no lært meg denne barnesongen utenatt. Så godt som.
Magnus strauk fire slag, men Ingeborg var allereie i gong.
-Nei, eg først, sa broren.
-Magnus slår ein, to, tre, fire først, og så speler du og eg, forklarte eg.
Som sagt så gjort. Det var moro. Eg berga meg gjennom nesten utan feil. Eg kan det eigentleg, men så plutseleg får eg ei kjensle av å vera midt i lause lufta utan notane framføre meg til å minna fingrane på kor dei skal. Litt som å fly, men så plutseleg bli merksam på at eg er høgt oppe i lufta og ikkje stoler på at eg kan fly.
-Det var støgt, erklærte Magnus.
Vel, sant nok på ein måte. Melodien Ingeborg hadde spelt hadde lite og ingenting å gjera med det med Dyrene i Afrika. Men ho kosa seg.
-Bli med og syng, Ingeborg, føreslo eg.
Me spelte igjen og igjen. Ein gong med Ingeborg på vokal, ein gong berre Magnus og eg og to gonger med Ingeborg på rytmeegg. For eit band! For eit ensemble! High five!
For ein morgon, konstaterte eg då eg sykla mot barnehagen med Ingeborg i vogna. Energien og gleda brusa i blodet. Musikkmorgon.
Foto: Eli Børve.