Sjette november

Medan eg åt frukost
kom eg til å tenkja på det:
I dag var dagen.
Det hadde vore ei langdryg førestilling.
Den gamle mannen sovna
under sendinga.
Den galne mannen
spelte ut
alt.
Sånn heldt dei på
men eg slapp å sjå.

No var dagen der
då det var opp og avgjort.
Fire nye år?
Eg opna NRK.no
I store fontar
slo dei fast at det framleis var von
det var ikkje avgjort
ho kunne framleis vinne
det var teknisk mogleg.

Men det var ikkje sannsynleg
ut frå tala.
Han og laget hans var klare
for å feira sigeren.
Fire nye år.
Det såg ut til å bli
fire nye år.
Det kom til å bli fire nye år
med det gamle
med det galne.

Sist var det over etter fire år.
Også den perioden gjekk over.
Me vart ikkje skåna frå skodespelet
av den grunn.
Men det vart mindre av det.
Mindre rampelys,
mindre sceneplass,
mindre sendetid.

Dei er langt unna
dei to kandidatane
og dei millionane
som stemte.
Presidentperiodar tek slutt.
Gamle menn døyr til slutt.
Livet mitt held fram som før.
Gjer det ikkje?

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content