Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer best når eg er mest mogleg ute og minst mogleg på internett.

20200318_092433

Me er så heldige at me har eit fabelaktig friområde – Mørkvedodden – ved havet i gåavstand frå huset for ein treåring. Der har Magnus og eg vore i timesvis – i varierande vêr – siste veka.

20200318_091451

Marius har vore hardt ramma av barnesjukdommen hånd, munn og fotsjuke mesteparten av veka som har gått, så eg har vore ansvarleg for 1-barnsbarnehagen. Dei vanlege virusa tek ingen pause på grunn av Korona. Men det er i alle fall fint å sleppa nyttelause forsøk på å jobba medan 3-åringen har andre behov.

På Mørkvedodden har me brent bål og laga pannekaker eller ostesmørbrød. Me har gravd både snø og sand – alt etter kva som var tilgjengeleg den aktuelle dagen – og laga sandslott, Hufsa og monster. Me har klatra, leika sjukepleiar og fangsfartøy på Svalbard.

20200318_101746

20200315_125848

20200314_122040

20200317_142219

20200318_085359

Å leika rollelek var min absolutte favoritt som barn. Men eg kan avsløra at Helga 37 år ikkje er like entusiastisk. Etter ein halv time med å leika Villmarksbarn på Grønland inne i stova her ein dag surna eg skikkeleg. Eg kan gjerne lesa barnebøker, teikna og vera nokså pedagogisk når ungen er med på matlaging og diverse. Men rolleleik altså, det blir fort i overkant. Ute syns eg det meste går lettare. Også leikinga.

I dag har det vore strålande sol på Mørkved og fullt av kreative og hyggelege naboar utføre huset. Den som berre kunne leika i lag med naboungane! Det kjem betre tider.

20200319_132012

For å koma meg på dagens svangerskapskontroll – som heldigvis går som normalt – kunne eg nytta meg av høvet til ein sykkeltur i sol. Mindre privatbilisme er ein ting eg vonar me kan ta med oss vidare i livet når Koronakrisa er over.

20200319_125922

Eg kjenner ei viss dragning mot å halda meg oppdatert på nyheitssituasjonen – korleis det går med smittetala, kapasiteten på sjukehusa, spreiinga lokalt og globalt – men eg erkjenner at eg har det betre når eg ikkje les nyheiter på internett. På sjukehuset for å føda må eg snart uansett, og det fyrer berre opp under uro og bekymring når eg les om korleis det står til i Italia eller kor mange som er smitta i Noreg til ei kvar tid.

20200314_111051

Takk til alle som held hjula i gang i helsevesenet og andre viktige oppgåver. Takk til dei som analyserer tala og følgjer med på situasjonen for å gje best mogleg råd og pålegg. Dette er ikkje min jobb akkurat no. Min jobb er berre å passa på ungen både i og utføre magen, og ikkje minst meg sjølv. Og her har eg altså funne ei ganske grei oppskrift: mest mogleg ute, minst mogleg på nett.

Foto: Helga Eggebø.

Les også:

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content