Fedrekvote og andre meiningslause påfunn

Frps Jon Helgheim har fått mykje merksemd i dag fordi han har skrive på Facebook at “kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst. Det er biologiske forskjeller som gjør at kvinner vil jobbe mindre enn menn”.

Kva syns eg om det? spurde P4 meg i dag. Eg syns først og fremst at Facebookinnlegget til Helgheim ikkje er så veldig interessant. Undersøkingar viser at dei fleste i Norge i dag ønskjer seg eit familieliv der både menn og kvinner tek like mykje del i både lønns- og omsorgsarbeid. Likevel er synspunkta til Helgheim langt frå uvanlege, og blir ganske ofte fremja i den offfentlege debatten. Sånn sett er det knapt for ei nyheitssak å rekna.

Men ok. La oss få litt fakta på bordet her: 

Arbeidsliv – samfunnsstrukturar eller biologi? 

Det er store skilnader på menn og kvinner si deltaking i arbeidsmarknaden mellom land, i ulike yrker og mellom ulike grupper menn og kvinner. I Finland til dømes  jobbar langt fleire kvinner fulltid enn i Norge (på radioen kom eg i skade for å seia Island, men det er altså særleg i Finland at relativt få kvinner jobber deltid selv om sysselsettinga også der er høg). I Sør-Europa er der langt færre kvinner enn i Noreg som arbeider i det heile. I ein del kvinnedominerte yrker er det knapt mogleg å få ei fulltidsstilling anten ein vil eller ikkje. Medan det i mange mannsdominerte yrker ikkje er aksept for å jobba deltid sjølv om ein aldri så gjerne skulle ønskja det. Forskinga på feltet viser at velferdsordningar, som foreldrepermisjon og lønn ved sjukdom, og struktur og kultur i arbeidsmarknaden har mykje å seia for menn og kvinner sine val og moglegheiter. Å forklara kvinners deltidsarbeid utelukkande med biologi held ikkje vatn.

Kvotering 

Kjønnskvotering i styra til børsnoterte selskap, som Noreg innførte som første land i verda i 2003, har ført til at kvinnedelen i nokre av dei mest sentrale selskapa i landet har gått frå nesten total mannsdominans til bortimot kjønnsbalanse. Dette går fram av ei bok som Mari Teigen har redigert om konsekvensar av kjønnskvotering i næringslivet. Dette har gjeve mange kvinner, som ønskjer å satsa på ein karriere i det private næringslivet, moglegheiter til å velja dette. Kvotering fører også til haldningsendring: Før meinte dei fleste toppleiarar at det var mangel på kvinnelege søkjarar som forklarer mannsdominans. Men no meiner stadig fleire at det handlar om at  at menn rekrutterer menn gjennom uformelle nettverk. Nesten alle kvinnelege og nesten 3 av 4 mannlege toppleiarar i næringslivet syns det er viktig med likestillingstiltak i eigen sektor for å betra kjønnsbalansen i topposisjonar.  

Fedrekvote 

Fedrekvota som vart innført på 90-talet har bidratt til ein papparevolusjon, kor fedre i Noreg no tek om lag like mykje del i omsorga for små barn som kvinner. Fedrekvota er ein viktig rettigheit for norske menn som sikrar dei moglegheit til å knytta nære band til sine barn frå dei er heilt små. Denne retten har vist seg å vera essensiell: Jo mindre fedrekvota er, jo mindre permisjon blir det i praksis på far, sjølv om mykje permisjonstida i prinsippet kan delast fritt mellom foreldra. 

Tåpelige og meningsløse påfunn? 

Helgheim står sjølvsagt fritt til å meina at fedrekvote, kvotering og kvinners yrkesdeltaking er tåpelege og meiningslause påfunn. Men det er ikkje tvil om at slike rettar har betydning for våre val og moglegheiter. Dei er avgjerande for at både både menn og kvinner skal ha moglegheit til å velja både karriere og barn. Det overraskar meg at Helgheim meiner at fedres rett til å ta del i omsorg for eigne barn frå ei er heilt små er eit meiningslaust påfunn. Men han om det.

Les meir om forskning på arbeidsliv, fedrekvote og toppleiing på CORE – senter for likestillingsforskning sine sider. Særlig nyttig er CORE-statuser og indikatorer.

Illustrasjonsbilde: Dag 54 Smiiil av Tormod Ulsberg, CC BY-NC-ND 2.0.

Kjelder:

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content