Første skitur

“Eg har gått alt for lite på ski i det siste!” sa Stina med ein litt sjølvanklagande tone. “Det kan jo ha med å gjera at det har vore sommar og sånn”, sa eg.

Barmarkssesonen – ventetida – var endeleg slutt for denne gongen. Snølaget var godt nok til å spenna på seg grusskia og ta turen langs grusvegen frå Marhaugane og inn langs Almenningsvatnet.

ski-5

“Årstider er fabelaktig, men dersom eg måtte velja éi av dei hadde det heilt klårt blitt vinteren”, konstaterte Marius og resten av turfølgje samtykka ettertrykkeleg.

ski-1

Strålene frå desembersola nådde oss der oppe på haugen. No er det ikkje mange dagar til sola ikkje står opp over horisonten. Men med snødekt landsskap manglar det eigentleg ikkje lys. Lyset i mørketida er som kjent det mest magiske lyset ein får.

ski-2

Med entusiastisk lovprising av snøen, kulda og skiføret traska me innover langs vatnet. Tenk at det berre var dette som mangla før lukka var komplett! Eg gler meg til å ha med Knøttet i pulk på skitur ein gong utpå vinteren 2017.

ski-4

Foto: Helga Eggebø og Marius Skaiaa.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content