List

I påska las eg boka “Jeg lever et liv som ligner deres” av Jan Grue, og sidan har eg entusiastisk og insisterande tilrådd denne boka til alle eg kjenner. Boka er i sjangeren sjølvbiografisk sakprosa. Det høyrer kanskje ikkje ut som ein typisk “page turner”, men dette var noko så sjeldan som ei bok eg ikkje greidde å leggja frå meg om kvelden. Same kveld som eg byrja på boka vart eg liggande vaken for å lesa berre eit kapittel til! Det seier ikkje reint lite; dei som kjenner meg veit godt at eg er svært glad i å leggja meg tidleg.

Jan Grue har ein sjeldan muskelsjukdom og sit i rullestol. Boka byrjar med at han fortel om møter med folk som er overraska over å møta han i levande live i vaksen alder. Då han var barn trudde ikkje folk at han kom til å leva så lenge. Det var noko alle visste, fortalde ein gamal lærar han trefte på ein gong, men læraren kunne ikkje forklara kor den førestillinga kom ifrå. Grue bryt med folk sine forventningar berre ved å vera i livet, men også på fleire andre måtar: Han har jobb, kone og barn. På den måten oppfyller han alle forventningar til ei normativt livsløp. Han skriv:

“Jeg følger en tidslinje andre kunne fulgt. Jeg bor i den samme byen som jeg vokste opp i. Jeg er akademiker, barn av to akademikere. Jeg lever et liv som ligner deres. Jeg er gift og har barn med Ida, hun er en kvinne som skriver. sønnen min har mine øyne, som er min  mors øyne, ansiktet hans har trekk som inner om barndomsbilder av hans farfar” (side 10-11).

Men i staden for å bli sett på som heilt vanleg, heilt ordinær, blir han stadig møtt med overrasking. Fordi han har ein sjeldan muskelsjukdom og brukar rullestol ventar folk at han ikkje har jobb, ikkje er gift og ikkje har barn. Dei framtidsutsiktene som samfunnet førespeila Grue – utan at nokon seier det rett ut – var mangel på framtid.

Spenninga mellom det vanlege og det uvanlege, mellom det normale og det som er annleis er eit gjennomgangstema i boka. Kva er det normale barnet? spør Grue, og svarer: “Det rent logiske svaret bærer i seg en dobbel negatsjon: Det normale barnet er barnet som ikke er avvikende. Og det finnes tusenvis av måter å avvike fra normalen på. Vi merker det ikke før vi blir gjort oppmerksomme på det, men så slår skammen inn. Skammen over å ikke være som de andre. Skammen over å stikke seg ut, skammen over å være til bry” (side 60).

Vidare fortel han om alle kampane han sjølv og foreldrene har teke med helsevesenet, hjelpeapparatet, flyselskap, utleigarar og så bortetter. Dei kommuniserer alle som ein at han er annleis og at han er til bry. “Det er skammen som fremdeles melder seg i dag, som banker skarpt på døren, når et sted, en bygning, ikke er rullestoltilgjengelig” (side 60).

Hjelpeapparatet skildrar Grue som ein maskin. Ein gamal og rusten maskin som står innelåst i eit bortgøymd rom nede i ein kjellar som nokon har mista nøkkelen til. For å få hjelp må ein først finna nøkkelen og identifisera apparatet i det bortgøymde rommet, så må ein olja og smøra og skru og sparka i maskineriet til det sakte og med sjingrande ulydar byrjar å gå (sitert fritt etter hukommelsen). Sjølv kjem han frå ein familie som har ressursar, kunnskap og nettverk til å få hjelpeapparatet i gang, “[m]en vi er slitne. Jeg er sliten. Arbeidet tar aldri slutt, det finnes ikke noe endepunkt. Det hjelper ikke. Opp igjen” (side 80).

Den eine grunnen til at eg likar denne boka så fantastisk godt er fordi ho skildrar livet, det å vera menneske, på ein måte som det går an å kjenna seg igjen i. Gode bøker gjer gjerne det. Ei spesifikk forteljing om eit spesifikt liv gjev innblikk i det allmennmenneskelege. Men samstundes gjev boka også et innblikk i situasjonar som eg ikkje har føresetnader for å kjenna meg igjen i, og som eg derfor treng at han deler for at eg skal kunne forstå. For eksempel når Grue skriv om kva det krev av planlegging, fysisk anstrengelse og gjennomføringskraft å reisa seg opp frå stolen og henta eit glass vatn. Fordi alle små og store gjeremål krev så mykje planlegging, har den konstante planlegginga og den konstante beredskapen blitt ein måte å vera i verden på for han. Han greier ikkje leggja frå seg denne vanen, heller ikkje om natta, og det kan gjera han søvnlaus. Sjølv det å henta eit glass vatn ikkje er noko eg sjølv treng å planleggja, så kjenner eg meg igjen i at det å planleggja, organisera og vera i forkant har blitt ein vane, ein måte å vera i verda på som kan gjera meg søvnlaus. For min del er denne vanen eit resultat av eit behov for kontroll, effektivitet og optimalisering. Det er ei anna historie som ligg bak, men eg kjenner meg igjen.

Dersom du skal lesa ei einaste bok i ferien i sommar, så syns eg du skal lesa “Jeg lever et liv som ligner deres”.

Foto: Ragnhild Johnsen

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]