Starten på kollektiv kvalitativ analyse

I de fleste forskingsprosjekta eg har vore involvert i, er datainnsamling og intervjuanalyse noko eg har gjort åleine. Kan ein kollektiv prosess betra kvaliteten?

I forskingsprosjektet Skeiv på bygda prøvde me oss på ein meir kollektiv prosess enn det eg har hatt erfaring med tidlegare. For det første delte med dei 19 intervjua mellom oss. Som prosjektleiar gjorde eg 15 og dei andre 2 og 4 kvar. 2-4 viste seg å vera nok til å få ein fornemmelse av feltet.

For at ein skulle ha oversikt over heilskapen, høyrde eg gjennom dei 6 intervjua eg ikkje hadde gjort sjølv. Dette var interessant. På den eine sida vart intervjua gjennomførd på slåande lik måte, trass i intervjuguiden var open og fleksibel. Me var også samkøyrde i forståinga av kva som var analytisk interessant. På den andre sida kom metodisk usemje opp i dagen, og kunne reflekterast rundt.

Etter at intervjua var gjennomførde arrangerte med ein heildags analyseworkshop for heile prosjektgruppa. Alle førebudde casesamandrag av sine intervju. Me byrja dagen med å gå gjennom alle case, slik at alle fekk eit overblikk over informantane og deira historie.

Deretter arbeidde me i lag med å få fram alle moglege tema og analysetrådar me kunne finna i materialet. Dette var ein open og idemyldrande prosess. Alle idear opp på tavla. Til saman vart det omlag 60 ulike stikkord og tema, til dømes “ungdomskulen”, “helsesyster”, “identitet”, “annleis” og så bortetter.

Då me ikkje kunne koma på eit einaste tema til, byrja med jobben med å sortera og gruppera stikkorda. Mange av dei kunne plasserast inn under meir overordna tema, slik som “utdanning” eller “helse”. Med 10 overordna tema på tavla, var alle 60 stikkorda frå idemyldringa sortert.

Særleg i sorteringsfasen var me usamde og måtte diskutera oss fram til løsyingar. Ettersom me fekk bryna oss mot kvarandre, testa ut argument og fått fram ulike syn, er eg viss på at analysane vart meir solide og gjennomtenkte enn dei elles ville vore.

Dei overordna emna vart grunnlaget for kapittelstrukturen i rapporten. Dei vidare analysane vart utvikla gjennom skriveprosessen, ved hjelp av teori og tidlegare forsking på den eine sida, og kritiske kommentarar på den andre sida.

Analyseworkshopen var ein effektiv og etterretteleg måte å gjera det første analysearbeidet på, syns eg. Dette er verd å gjera igjen og vidareutvikla.

Illustrasjonsfoto: Karin på KUN, av Helga Eggebø.

I åra etter dette innlegget først vart publisert har eg vidareutvikla dette arbeidet og skrive meir om det her:

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility. Skip to content