List

Abortlova er diskriminerande, har Erna Solberg påstått, som eit argument for å endra §2c. Påstanden har fått vind i segla og blir presentert om att og om att som om det var eit faktum. Det er på høg tid å ta føre seg dette argumentet og undersøkja om det stemmer.

Jamfør Likestillings- og diskrimineringsloven er det forbode å diskriminera på grunn av “kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller kombinasjoner av disse grunnlagene er forbudt. Med etnisitet menes blant annet nasjonal opprinnelse, avstamning, hudfarge og språk”. Lova forbyr både direkte og indirekte forskjellsbehandling.

Direkte forskjellsbehandling er “at en person behandles dårligere enn andre blir, har blitt eller ville blitt behandlet i en tilsvarende situasjon”. Indirekte forskjellsbehandling er “enhver tilsynelatende nøytral bestemmelse, betingelse, praksis, handling eller unnlatelse som vil stille personer dårligere enn andre”. Forskjellsbehandling er dessutan lovleg og ikkje diskriminering dersom det har eit a) sakleg føremål, b) er naudsynt for å oppnå føremålet og c) ikkje er uforholdsmessig inngripande.

Diskrimineringsvernet gjeld for personar, og eit foster er ikkje ein person. Eit foster har derfor ikkje menneskerettar eller rettsvern på lik linje med personar. KrF har programfesta at dei ønskjer ein abortlov “som sikrer livsrett for ufødt liv og tydeliggjør fosterets egenverdi som menneske”. Dersom foster skulle få status som menneske med same rett til liv som personar, er det heilt unødvendig å koma trekkande med diskrimieringsvernet i abortspørsmål. Då vil ein abort per definisjon vera å ta liv. Slike ekstreme synspunkt ligg til grunn for abortlovgjevinga i ei rekke land, med katastrofale konsekvensar for kvinners liv, helse og reproduktive rettar. I Noreg har eit foster eit aukande vern ettersom vekene går, men er ikkje ein juridisk person.

Paragrafen som seier at abort kan skje etter tolvte veke når “det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet” er i juridisk forstand både nøytral og ikkje-diskriminerande. Det fastslår professor Vibeke Blaker Strand som er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Solberg har underbygd påstanden om diskriminering med at lova gjev ein ubetinga rett til abort på grunn av eigenskapar ved fosteret. Men dette stemmer heller ikkje. Etter veke 12 har ein ingen ubetinga rett til abort, men ei kvinne kan få innvilga begjæring om abort etter bestemte vilkår. Desse vilkåra er saklege medisinske vurderingar, og dessutan balanserer ein fosterets aukande vern med svangerskapslengda opp mot kvinners rett til sjølvbestemming. Som det går fram av lova er det ikkje snakk om diskriminering dersom forskjellsbehandlinga er sakleg, naudsynt og ikkje uforholdsmessig. Dette forklarer jussprofessor Ingunn Ikdahl til nettavisa Journalen.

Solberg er sikkert fullstendig klar over at det er feil når ho påstår at abortlova er diskriminerande. Justisdepartementet har ei heil lovavdeling som kunne opplyst Statsministerens kontor om dette. Men Solberg, KrF og spinndoktorane deira har heilt sikkert skjøna at denne påstanden kom til å ha ein effekt i debatten. Dersom ein feilaktig påstand berre blir gjenteke ofte nok, så blir det oppfatta som rett. Å argumentera mot abort med Gud og Bibelen i handa har mindre og mindre gjennomslagskraft i eit sekulært samfunn. Å snakka om “menneskeverd” og “retten til det ufødte liv” har i denne samanhengen fått ein klang av religiøs fanatisme. Men å argumentera mot “diskriminering” har større gjenklang i befolkninga. Nettopp derfor har dette vore eit effektivt retorisk grep i debatten. Men etter den mobiliseringa som me no har sett til støtte for abortloven, så trur eg ikkje det blir siger for KrF i denne saka denne gongen heller.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Norges Lover av Andreas Haldorsen, CC BY-SA 2.0.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]