#NyDagNyeNederlag

Fjesboka viser ei krafitg retusjert utgåve av oss sjølv: Alle eg kjenner spiser tilsynelatande fabelaktig og sunn mat dei har laga sjølv. Trener og er stadig ute i det fri. Reiser på feriar til eksotiske stader og har det fantastisk der i lag med alle sine gode og vellukka vener. Får stadig nydelege barn og gifter seg rett som det er. Men alle veit at dette er eit løgnaktig glansbilete. Det er ikkje sånn livet eigentleg er. (I alle fall ikkje berre sånn).

La meg ta posten på bildet som døme: Fine haustfargar, friskus, matauk, idyll på landet. Likes, likes, likes. Eit typisk innlegg som bygg opp under forestillinga om at ein har det bra, og er ganske bra. Men i røynda (“virkeligheten”) var det ikkje heilt sånn det var. I røynda var eg skjelven og skrekkslagen den dagen (flytta hundrevis av mil vekk frå alle eg kjenner for å bu åleine i eit lite hus på ein gudsforlatt avkrok i Nord-Noreg. Kva har eg gjort?!) og kjente meg fullstendig åleine i verda. Ok, så loka eg rundt i skogen ein times tid, men det var ikkje særleg triveleg, det kan eg lova deg. Heile hendinga gjorde seg heilt klart betre på nett enn i røynda.

Med andre ord, min eigen profil er nett som alle andre sin; eit irriterande glansbilete: Jævla friskus. Alltid ute på ein eller annan sinnsyk tur med eit stort glis om kjeften. Eller postar ei eller anna sjølvprodusert meining om eit eller anna viktig. Eg veit; det er til å spy av.

Tidleg i sommar noterte eg meg at det føregjekk ein eller annan slags kampanje på nettet der folk ramsa opp tre ting dei er takksame for. I utgangspunktet er eg tilhengar av å tenkja positivt, av å finna ting å gleda seg over og fokusera på det som er bra. Men ærleg talt, det får vera grenser for kor mykje Pollyanna-inspirert krampeoptimisme ein skal eksponera alle andre for.

Så sit ein der då, ein heilt vanleg dag der ein ikkje er særleg høg i hatten, med feeden full av glade, initiativrike og vellukka folk. Ein drittdag blir sjeldan betre av å ta turen innom fjesboka, for å seia det sånn.

I det siste har det vore ganske mykje snakk om korleis sosiale media, med dei perfekte glansbileta og eit implisitt krav om å vera like perfekt, er med på å gjera oss psykisk sjuke. Ein fjerdedel av alle unge jenter slit med psykiske helseproblem. Studentane slit. Og det er vel lite som tyder på at dei godt vaksne ikkje har sitt å stri med dei òg. Som ein reaksjon på dette er det fleire meir eller mindre kjente menneske som i det siste har gått offentleg ut at dei slit psykisk. No sist var det Lene Malin. (Eit glimrande og modig initiativ å koma ut av skapet som psykisk sjuk, men det får bli ein annan gong).

Så kva med å berre kutta ut skjønnmalinga og få fram sanninga? Dropp sjølvforherligelsen og gje oss ein flik av sanninga. Få dei ut på nett, dit livs små og store nederlag. Kom med dei! Viss det er sånn at me føler oss dritt av at alle berre viser fram sine vellukka sider, så er det ikkje usannsynleg at du kan bidra til betre folkehelse av å visa fram dine litt mindre vellukka sider. (Ikkje fabrikerte nederlag, det er juks, eller tullenederlag av typen, “å nei, ein av mine perfekte cup cakes vart ikkje fullt så perfekt i dag”).

Dette er ei utfordring! Og følg nøye med på sosiale media ut over hausten og vintaren, så du senka skuldrane og kosa deg med underteikna sine små og store nedelerlag. Eg seier det bare:

#nydagnyenederlag

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content