Sommar på Svalbard

Svalbard. Der er ingen stader i heile det vakre, langstrakte landet vårt som er meir magisk. Sommarferie på Svalbard byr ikkje på sommar i klassisk forstand – det vil seia varme, badetemperaturar og campingplass. Men kva skal du med varme når ein har dunjakke?

img_1083

Årets store plan for sommarferien var padleekspedisjon på Svalbard. Medlemmane i ekspedisjonen var Calle, Miriam, Marius, Eli, Katrine og meg sjølv.

img_1216

Første bud for vellukka ekspedisjon er god planlegging. Her tester Eli kajakkutstyret før me legg i veg.

img_0940

Trass i nitidig planlegging frå ekspedisjonsmedlemmane si side, gjekk ikkje alt på skinner. Etter å ha slept og heist seks fulle kajakkar ombord på ein båt og køyrd halvanna time ut isfjorden, vart me effektivt stoppa av svart røyk i maskinrommet. Tilbake til start.

img_0952

B-planen gjekk med kajakk på tursitcruise til Pyramiden og vidare. Fotostopp framføre brefront undervegs.

 

Etter ein del om og menn var me endeleg på vatnet. Første stopp: Skansebukta. Kor det i si tid vart gjort forsøk på å etablera ei gipsgruve. Det heile var ikkje så veldig vellukka, ettersom det viste seg at gipsen ikkje var gips likevel. Så i dag står det nokre jernbanesviller, ein gamal trebåd og ei lita hole i fjellet i Skansebukta. Eit ekte svalbarsk kulturminne.

img_0986

img_0982

Langs dei steinete strendene var det ikkje noko problem å oppdriva drivtømmer nok til å fyra bål, i alle fall. Tømmeret kjem frå Russland og driv med havstraumane til Spitsbergen.

img_0998

Det manglar ikkje plass til proviant og utstyr i seks kajakkar, men der blir ein del fram og til bake og inn og ut når det skal pakkast opp og ned.

 

img_1001

Tørrdrakt – den nye turbekledningen. Det blir ganske klamt, men ikkje nødvendigvis så varmt i vinden. Her på veg til den sagnomsuste svenskehytta, kor eit titals unge menn døde av blyforgiftning ein kald vinter.

 

img_1004

Dei sedimentære bergartane som fjella på Svalbard består av, eroderer sakte men sikkert eroderer ut i havet. Formasjonane er karakteristiske:

img_1054

img_1057

img_1104

Og under fjellet dei opne slettene ut om havet:

 

img_1066

img_1113

img_1075

Det er ikkje å stikka under stol at der vart ein del kalde sommarkveldar på Svalbard. Utrusta med full vinterbekledning (stillongs, ullbukse, rompevarmar, skallbukse, ullstrøyer, ullgenser, dunjakke, lue, vottar etc) + bål, så heldt ein varmen på eit vis. Men andre kveldar var det mildt og varmt i ullgenseren eller dunjakka:

img_1117

img_1123

Rødsildre og reinsdyrhorn. To ting der var rikeleg av på slettene:

img_1136

Dei tilhøva eg trur me hadde aller mest av på turen var kombinasjonen av motvind og motstraums. Ispedd relativt lågt skydekke. Det er ikkje heilt forsvarleg å fotografera i båt under sånne tilhøve, men så skein det opp:

 

img_1155 img_1173img_1177 img_1192

Ingenting er som ein lunsj der ein kan halda seg varm og god utan å springa fram og tilbake på rullesteinsstranda

img_1161

img_1163

I juni høyrer kvitkinngåsa og kortnebbgåsa heime på Svalbard. I likskap med ei lang rekke andre fuglar frå fjern og nær.

img_1172 img_1181

Uansett kor spektakulær naturen, dyrelivet og landsskapet viser seg, så er ingenting viktigare enn å ha med seg dei beste folka. Du høyrer Halvdan Sivertsen spela i bakgrunnen: “Hver gang vi møtes, har vi det bra. Vi e venna for livet, sånne e gode å ha-a.”

img_1220 img_1224

Men etter i vekes tid på farten vart me plukka opp og skipa heim igjen til fastlandet.

img_1229

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content