Tom for glad og grei

Så vidt eg kan hugsa hadde eg det stort sett bra i barnehagen og på barneskulen. Eg gjorde som oftast som eg skulle, leika med andre ungar og var nok mest blid og glad.

Men eg trur det må ha vore slitsamt å visa seg frå godsida heile dagen der ute i verda, for eg hugsar kjensla av å gå fullstendig tom for glad og grei. Oppføra seg ordentleg-kapasiteten var fullstendig brukt, og kroppen var ein einaste stor klump av «eg vil ikkje!!!!!!»

Eg hugsar den kroppslege kjensla av å vera lei, sint og rasande utan å vita grunnen. Eg hadde eit behov for å pakka sakene mine og gå, stikka av, knusa noko og seia stygge ting.

Det brygga opp til storm i kroppen, og det kjendest heilt umogleg å ikkje laga trøbbel når eg kom heim. Det klødde i heile kroppen av motvilje. Eg var rasande i armar og bein. Eg ville ikkje gjera som eg fekk beskjed om, ikkje vera grei, ikkje oppføra meg ordentleg. Det kjendest som om knuten i kroppen aldri ville løysa seg opp.

Men til slutt gjekk over, etter ein god dose raseri og tid. Frå tid til annan kan det framleis klø i kroppen av irritasjon, motvilje og sinne. Utan at eg heilt veit kva som er grunnen. Men som oftast står eg på foreldresida av dette kroppslege sinnet.

«Mamma, æ vil!», «mamma æ vil ikkje!» Heile tida villa noko anna enn det som er greitt. Eg let det passera, men det er som om ungen berre leitar etter ein grunn til å bli rasande. Hyling og skriking. Ein klump av rasande motvilje.

Det er berre å stå an av. Vera der til raseriet har brent ut. “Det er greit å vera sint. Alle er sine av og til. Men det er ikkje lov å skada seg sjølv eller andre, eller øydeleggja ting”.

Halda passe avstand. Vera der utan å koma for tett på den rasande ungen. Ha tolmod med «æ vil ikkje»-kjensla, heilt til ho har brent ut for denne gongen. Til slutt trøysta og tørka tårer.

Ein særleg slitsam morgon, då eg til slutt fekk oss på skule og i barnehage, kom ei av dei tilsette mot meg med eit stort smil og ville berre fortelja at både eg og ungen min var så greie og glade! Det hadde ho tenkt at ho måtte seia til meg, og så hugsa ho det akkurat den dagen.

I desse tider minnar eg meg sjølv på teksten eg skreiv for fleire år sidan: “God nok forelder”.

Illustrasjonsbilete: Child walking away fra Gratisography

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content