List

90 % av alle gravide blir kvalme, halvparten kastar opp og om lag 15 % blir alvorleg kvalme. Der finst fleire heilt trygge kvalmestillande medikament ein kan ta, og slik behandling kan truleg hindra at situasjonen blir meir alvorleg. Dessverre er tendensen i helsevesenet at svangerskapskvalme ikkje blir teke alvorleg nok og at gravide med alvorleg svangerskapskvalme ikkje får god nok behandling. Dette går fram av ein oversiktsartikkel på nettstaden Relis – Produsentuavhengig legemiddelinformasjon for helsepersonell.

Eg er gravid og har lege nokre veker på sofaen denne hausten, fullstendig utmatta og kvalm. Kvalmen kan neppe karakteriserast som meir enn ”mild svangerskapskvalme”, og eg trudde ikkje det var noko å gjera med. Medisin mot svangerskapskvalme forbinder eg med Thalomid – eit legemiddel som vart nytta på 50 og 60-talet og som førte til at over 10.000 vart fødde med alvorlege misdanningar.

Men gjennom vener og familierelasjonar er eg så heldig å ha over gjennomsnittet god tilgang til informasjon om svangerskapshelse og fostermedisin og fekk raskt beskjed om at dersom eg var kvalm var det berre å prøva Postafen. Det er heilt vanlege reisesjuketablettar som ein kan kjøpa på apoteket utan resept. Men med god informasjon i baklomma var det ikkje naudsynt å plagast med noia. Marius heiv seg på sykkelen, kom heim med – og halleluja! – for ei letting å sleppa unna kvalmen og kunna eta mat!

Då eg opna pakninga med piller noterte eg meg at det står på pakningsvedlegget at gravide og ammande kvinner ikkje skal ta medikamentet. Men at gravide ikkje kan ta det er berre tull som legemiddelprodusentane har ein tendens til å skriva på alt for å heilgradera seg mot søksmål og sleppa å setja seg inn i sakene. Relis derimot, byr på forskingsbasert og oppdatert informasjon om kva legemiddel som er trygge for gravide. Postafen er eit av fleire kvalmestillande middel som ein har lang erfaring med og god kunnskap om og det medfører ikkje fare eller risiko for verken mor eller barn.

Etter så god effekt av trygge og tilgjengelege medisinar stussa eg over vener i tilsvarandre situasjon fortalde at dei hadde hatt fastlegar som hevda at det ikkje finst kvalmestillande medisin som gravide kan ta, eller ”du kan ta denne, men helst ikkje”. Ein skulle kanskje tru at dette var to døme på uvanleg inkompetente fastlegar, men nyare forsking om tematikken tyder på at det kan vera nokså representativt for ein gjennomgående tendens: Ei nyare norsk studie av kvinner som har opplevd den mest alvorlege forma for svangerskapskvalme – hyperemesis gravidarum (HG) – viste at alt for mange ikkje fekk den behandlinga dei skulle hatt. Berre halvparten hadde fått medikamentell behandling i førstelinja før dei vart så sjuke at dei vart innlagde på sjukehus. Dette er svært alvorleg, fordi tidleg behandling mest sannsynleg kan hindra at ein blir alvorleg sjuk. Mange fastlegar skreiv ut sjukmelding og bad kvinnene venta å sjå om det gjekk over, utan å skriva ut medisin.

Forskarane bak studia peikar på at svangerskapskvalme ofte blir bagatellisert fordi mange tenkjer på det som ein naturleg del av svangerskapet. Førstelinja er derfor for dårleg til å undersøkja og diagnostisera kor sjuke folk er, og nokon av oss blir derfor  sjukare enn me hadde trengt å vera. Den mest alvorlege forma for svangerskapskvalme er ikkje til å kimsa av. Ei amerikansk studie har vist at kvinner blir minst like sjuke av dette som folk kan bli av cellegift. Kvinnene i den overfor nemnte norske studia skildra kvalmen som ”umenneskelig tortur” og som ”å være ni måneder i fengsel”. Blant dei som blir mest alvorleg råka av svangerskapskvalme er det svært mange som vurderer (40%) og fleire som har vald å gjennomføra abort av ønska barn (8 %). Både norsk og internasjonal forsking viser at alvorleg svangerskapskvalme har ekstremt negative konsekvensar for livskvaliteten. Det går ut over jobben, parforholdet og ungane ein har frå før. Folk kan bli traumatiserte av mindre, og internasjonale studier har også vist at kvinner har opplevd dette som det verste dei har vore gjennom i livet, og at fleire utviklar posttraumatisk stressyndrom.

Hovudbodskapen til dei norske kvinnene som vart spurd om kva dei ville seia til helsevesenet var: Ta oss på alvor. Dei bad om at helsevesenet skulle gjera noko så sjølvsagt som å visa forståing for situasjonen og anerkjenna dei negative helsemessige og sosiale konsekvensane det har å spy og liggja på sjukehus i ni månader.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: (88/365) :: It burnss uss, my preciousss av chispita_666, CC BY 2.0.

Innlegget vart først publisert på Maddam.no 22. oktober 2019

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

mars 19th, 2020

Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer […]

mars 13th, 2020

Dag 1: Prøver å halda roen

Det vart éin dag med foreldrepermisjon på meg før unntakstilstanden var eit faktum. Eg fekk meg ein kopp kaffi latte, […]

februar 4th, 2020

Rom for meir ros i akademia

Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegar og fagfellar er det å vurdera andre sine oppgåver, […]

januar 10th, 2020

Eit organisert angrep på seksuelle og reproduktive rettar

“Me har eit kort tidsvindauge på mellom 10 og 20 år. Dersom me ikkje nyttar dette vindauget kan den vestlege […]

januar 1st, 2020

Nyttårshåp – fem ønske for det nye tiåret

Måtte 2020 bli det året der me verkeleg tek inn over oss det trugsmålet som klimaendringar og naturøydeleggjing er får […]

desember 17th, 2019

Pepperkake spesial

I fjor laga me pepperkaker, Marius, Magnus, naboane og eg. Eg trur det må vera første gongen eg har laga […]

november 24th, 2019

Folkemord eller forbrytelser mot menneskeheten?

Korleis skal me laga eit internasjonalt rettsvern som på beste og mest mogleg effektive måte kan trygga folk mot forfølging […]

november 18th, 2019

Sommarminner

Det er ingen eg har vore så mykje på tur i lag med som Eli og Katrine. Sommarens høgdepunkt var […]

november 5th, 2019

Revisjonssmerter

Etter ni månader venting og tre purringar dukka endeleg e-posten med det karakteristiske tittelfeltet – #JPOA-D-18-00047 – DECISION – opp […]

oktober 26th, 2019

Svangerskapskvalme må takast på alvor i helsevesenet

90 % av alle gravide blir kvalme, halvparten kastar opp og om lag 15 % blir alvorleg kvalme. Der finst […]