Revisjonssmerter

Etter ni månader venting og tre purringar dukka endeleg e-posten med det karakteristiske tittelfeltet – #JPOA-D-18-00047 – DECISION – opp i innboksen. Pulsen gjekk til himmels omgåande. Eg klikka meg inn på e-posten, og blikket søkte raskt etter konklusjonen medan hjarta hamra. «Please consider the reviews and revise accordingly». Endeleg! Eg hadde arbeidd så utruleg mykje med den artikkelen. I første tidsskriftet eg sendte inn til, tilrådde fagfellane såkalla «major revisions», men redaktørane avviste. Andre tidsskriftet avviste artikkelen på desken natta etter eg sendte inn. Men alle gode ting er tre! I eit par timar var det berre jubel og glede på kontoret. Redaksjonen hadde nemleg gløymt å leggja ved kommentarane, så eg hadde berre konklusjonen å gle meg over. Men då kommentarane kom, var ikkje stemninga like god lengre. Den første fagfellevurderinga bestod av tre tettskrivne sider med kritikk – alt frå heilt overordna innvendingar til ni krav om tilleggsinformasjon i metodedelen. Den andre fagfellen presenterte ei halv side med overordna kritikk av manuset. Men dei er grunnleggjande sett positive! Sa eg til meg sjølv, tok fram ein rosa markeringstusj og merkte av denne introduksjonssetninga: «I consider this as an interesting study on a very important theme. I thank the authors for the effort they took in conducting this study». «Viktig studie, viktig studie», sa eg til meg sjølv då eg gjekk heim den dagen, og prøvde enn så lenge å fortrenga dei tre sidene som følgde etter «However….».

Dagen etter var eg ikkje i form og måtte halda meg heime. Eg las likevel nøye gjennom fagfellevurderingane. Deretter vart eg liggande på sofaen og grubla på korleis eg kunne løysa dette. Kritikken kverna i hovudet – «serious flaws, serious flaws, serious flaws» – og eg mista dei rosatusja rosande orda av syne. Det tok nesten ein månad før eg kom ordentleg i gang med revisjonen på grunn av influensa, endelaus hangling etter virusinfeksjonen og mange andre oppgåver som måtte gjerast først. Det var ikkje mykje ro å få på sjukeleiet. Fagfellevurderingane og revisjonen uroa meg ustanseleg, og i tillegg tikka det inn endå ei kritisk fagfellevurdering av ein annan artikkel.

Då våren endeleg kom til Bodø i april/mai såg eg tilbake på ein hard vinter. Februar, mars og april forsvann i ein slags skrivepsykose. Eg arbeidde og arbeidde med å revidera manuskriptet, men eg fann ikkje ut korleis eg skulle løysa kritikken. Eg las litteraturen fagfellane viste til, skreiv ny tekst, flytta på avsnitt, arbeidde med ny struktur, prøvde å formulera for meg sjølv kva bodskap eg ville ha fram og gjekk tilbake til rådata og fann nye sitat. Men eg rota meg bort. Etter å ha svart på kritikken punkt for punkt, hadde eg skrive sund teksten, rota bort argumentet og mista den raude tråden. Panikken steig. Kva om eg ikkje greidde å ro dette i land etter så mykje arbeid, så mange revisjonar og så mykje venting?

I den perioden sov eg dårleg fordi eg redigerte tekst i hovudet om natta. Eg stod på leikeplassen om ettermiddagane med ei gnagande uro og grubla på løysingar, heilt ute av stand til å engasjera meg i leiken. Eg vegra meg sånn for å låsa opp kontordøra om morgonen at eg nesten fekk lyst til å spy. I tillegg kritiserte eg meg sjølv for å ta det heile så tungt. Eg hadde vore gjennom ein liknande prosess med den eine artikkelen på doktorgraden, men hadde trudd at eg takla dette betre no. Kva skjedde med å ta lett på det? Fokusera på det positive, halda på sjølvkjensla, avfeia kritikken som sur, gnålete og full av kjepphestar. Kva skjedde med det? Dersom ein skal vera så fordømt svak og nevrotisk, så er det kanskje på tide å få seg ein rutineprega byråkratjobb, sa eg til meg sjølv.

Det einaste positive eg har å melda om denne prosessen er at eg tydeleg fekk understreka kor mange fantastiske vener og kollegar eg har. Elisabeth har lytta i timesvis og sagt at det ikkje er meg det er noko feil med. Det er objektivt sett ei stor stressbelastning å måtta gjera alt for mange svært krevjande oppgåver på ein gong. Susanne har snakka gjennom artikkelen med meg og hjelpt meg med å formulera essensen og dermed finna vegen ut av labyrinten. Medforfattar Mai visste å koma med akkurat den type tilbakemeldingar som er naudsynte for å koma i hamn: «Først: gratulerer! Dette er blitt en kjempefin artikkel! Fin flyt, fine argument, fine overganger, bra funn, osv. du har jobbet svært bra, Helga! JUHU!», kombinert med heilt konkrete endringsforslag i teksten. Eg brukte utruleg mykje tid på å vera redd for at eg ikkje skulle koma i mål innan fristen – som eg hadde fått kraftig forlenga. Men eg fekk det til, og syns sjølv at det har blitt ein interessant og velskriven artikkel og meiner at eg har noko viktig å melda. Men me får sjå om fagfellane er samde i det, og om nokon kjem til å bry seg i det heile dersom artikkelen blir publisert. Uansett korleis det går, er eg ikkje sikker på om eg syns det er verd arbeidet og skrivesmerten å få desse vitskapelege artiklane publiserte. Er ikkje dette berre eit døme på «bullshit jobs», det vil seia ein jobb som ein fint kan la vera med å gjera utan at det gjer nokon skilnad i det heile?

  • Eggebø, Helga, Mai Camilla Munkejord og Walter Schönfelder (under fagfellevurdering) «Land, history and people: Older people’s stories about meaningful activities and social connectedness in later life», under publisering i Journal of Population Ageing. Doi: http://dx.doi.org/10.1007/s12062-019-09253-7
  • I populærvitskapeleg essayform: «Minna om moltemyra», Harvest Magazine.

Teksten vart først publisert i Forskerforum 29.10.19

Illustrasjonssbilde: Type, av Sue, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content