Då var det 8. mars – den internasjonale kvinnedagen – igjen. Kjære feministar og de andre, byrjar ikkje denne feiringa å gå litt på tomgang? Er det ikkje på tide å lansera nokre nye og spennande debattar og perspektiv i staden for det same gamle gnålet? Eg har nokre forslag til nyskapande og grensesprengande parolar og oppslag som kunne sprita opp 8. mars til neste år:
- 8. mars er utdatert – me er i mål med likestillinga.
- Likestillinga har gått for langt – gutar er taparane i skulen.
- Kvinnerørsla har svikta minoritetskvinnene!
- Glasstaket er knust. Kvinner må sjølv tørre å ta leiaransvar.
- Kvinner må slutte å vera flinke piker og heller gje litt meir faen.
Og til slutt; det som verkeleg hadde fore fresjt og nytt hadde vore om me kunne finna ein mann på venstresida, som er kritisk til likestilling, multikulturalisme og identitetspolitikk. Er det mogleg å finna noko så sjeldan?
Gratulerer med dagen!