Men man kan jo aldri være trygg

Tenk om folkeregisteret plutseleg hadde avregistrert statsborgarskapet til Magnus, barnet mitt? Dette som ein konsekvens av at eit forvaltningsorgan meinte at morfaren hans hadde gjeve feil opplysningar 30 år tidlegare. Han skulle gå frå å vera eit barn med sivile, politiske og sosiale rettar i Noreg til å bli statslaus. Eit barn utan land. Eit barn utan rettar.

Tanken er absurd. Noreg er bunden av internasjonale rettsreglar som seier at ein ikkje har lov til å gjera eigne borgarar statslause. Men absurd har visst blitt den nye røynda: Fem norske barn får avregistrert sitt statsborgarskap i folkeregisteret fordi Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner at besteforeldra 27 år tidlegare gav feil opplysningar om kor dei kom ifrå.

Saka føyer seg inn i ei rekke saker der folk har mista statsborgarskapet sitt etter at UDI har gått gjennom gamle vedtak og meiner dei har funne indikasjon på løgn. UDI har openbart fått signal frå ansvarleg statsråd om å bruka regelverket for det det er verd og sørgja for flest mogleg tilbakekallingar og deportasjonar.

Desse vedtaka riv grunnen vekk under føtene på dei menneska som blir råka direkte. Men i tillegg er praksisen eigna til å skapa frykt blant alle dei av oss som sjølv har innvandra til Noreg, eller som har foreldre eller besteforeldre frå eit anna land. Uansett kor lenge ein har vore i Noreg, kan ein aldri vera trygg. Sjølv om ein er fødd i Noreg av norske foreldre med norsk statsborgarskap, kan ein aldri vera trygg.

I USA har Trump-administrasjonen plukka opp tråden frå Obama og trapper opp deportasjonspolitikken. I USA er det rett nok snakk om irregulære innvandrar og deira barn som blir deportert – ikkje statsborgarar. Time peiker på at deportasjonane har som fremste føremål å skapa frykt i innvandrarbefolkninga. Sjølv om berre ein litan del av dei  irregulære i USA blir deportert, så blir alle råka av trugsmålet og frykta. Og det er heile poenget. Trump kommenterte Eisenhowers deportasjonspolitikk på 50-talet på denne måten: “Once they knew the country was getting tough on illegal immigration, they left”.

Men det amerikanske sivilsamfunnet sit ikkje stille og ser på uretten. Time melder at innvandrarar over heile USA reagerer på fryktpolitikken med stort mot. Deportasjonane blir møtt med motstand. Mange protesterer vel vitande om at dei sjølv på denne måten risikerer deportasjon. Ein aktivist uttaler: “The path forward is to fihgt. To show them that we’re not scared. Tho show them that we’re here and that we’re not going anywhere”. Eg undrar meg på kven som ville risikert eiga framtid dersom det var mitt barn det handla om.

Fem norske barn får avregistrert statsborgarskapet sitt. Med dette vanvittige vedtaket i bakhovudet fekk eg frysningar då eg i føremiddag song gjennom siste linja i ein gamal klassikar for Magnus: “Men man kan jo, men man kan jo aldri være trygg!”

Kjelder:

Les også:

Ilustrasjonsbilde: DSC_0304 av ndlon, CC BY-NC-ND 2.0

1 thought on “Men man kan jo aldri være trygg”

  1. Dypt krenkende, diskriminerende, tragisk – av et land som har alle muligheter til å følge de beste forbilder som feks. Fritjof Nansen. Jeg blir så fortvila og så opprørt at jeg får lyst til å slenge passet mitt på bordet til Sølvi, Erna og Siv og takke for meg!

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content