Frida gjekk ut porten etter å ha levert Pia i barnehagen. Der møtte ho Gunvor og Sara.
-Så lyst det var når skydekket ikkje ligg ned på brødskiva, sa Gunvor i det ho gjekk inn porten.
-Ja, tenk at det er klårvêr! Fullmåne! Og springflo. Når sola og månen står bakom kvarandre og trekk i same retning blir det springflo, sa Frida.
-Ja, på Tranøy, kor eg vaks opp, er me vane med springflo. Det er fint å følgja med på himmellekamane. Desse sterke kreftene rundt oss!
Sara sto og sparka i grusen med vinterstøvlane medan ho venta på at mora skulle bli ferdig med å prate.
-Eg var så lukkeleg i går når det var opphaldsvêr og ingen vind! «Det einaste ho ønska seg, var litt opphaldsvêr», song Frida og lo.
-Haha. Problemfritime? smilte Gunvor.
-Ja, det hadde eg også!
-Ha ein god dag på jobben!
-Du også!
Frida tok på seg hjelmen igjen og sykla i retning fullmånen. Ho kunne sjå nokre kvite skyer på den klåre blå kvelvingen. Det var så lenge sidan ho hadde sett han sånn! Tenk at måne og blå himmel kunne få livskrafta til å brusa i blodet! Det var frost, blåtime og seint i november.
Foto: Helga Eggebø