Americanah

“Eg blei svart då eg flytta til USA” skriv Ifemelu, den unge nigerianske kvinna som er hovudpersonen romanen “Americanah”, av Chimamanda Ngozi Adichie. Frasen gjev gjenklang til Simone de Beauvoir: “Ein er ikkje fødd kvinne, ein blir det”.

Ifemelu vaks opp i Nigeria og har flytta til USA. Boka byrjar med at ho går til frisøren for å fletta håret. Medan ho sit der, rekapitulerer ho åra i USA og åra før ho flytta. På den måten får me høyra hennar historie.

Det går ikkje an å få fletta håret i strøket der ho bur; ho må til den fattige delen av byen for å finna ein salong som gjer afrohår. Det krusete håret, som alltid blir målt opp mot det glatte europeiske eller asiatiske håret, er den første av mange kvardagshistoriar om rase.

Hovudpersonen Ifemelu har starta ein blogg som handlar nettopp om dette: kvardagshistoriar om kva rase, eller hudfarge om du vil, betyr i det amerikanske samfunnet, der alle likar å tru at rasisme og rasepolitikk høyrer fortida til.

Bloggane som Ifemelu skriv på bloggen “Raceteenth or Various Observations About American Blacks (Thouse Formerly Known as Negroes) by a Non-American Black” er tankevekkande og morosame:

“Jobb ledig i Amerika – Nasjonal myndigheit for å avgjera kven som er rasist”. “in America, racism exists but racists are all gone. Racists belong to the past. Racists are the thin-lipped mean white people in the movies about the civil rights era. (…) Somebody has to be able to say that racists are not monsters. They are people with loving families, regular folk who pay taxes. Somebody needs to get the job of deciding who is racist and who isn’t”.

I denne boka gjev Adichie eit godt bilete på kva tyding rase har i det amerikanske samfunnet i dag. Rasepolitikk, rasisme og ulike hudfargar finst, sjølv om ingen snakkar om det.

Ifemelu skildrar om kva det kan bety å vera svart i USA, men ho fortel frå perspektivet til ein innvandrar med eit utanfrå-blikk på den særeigne amerikanske kulturen. I tillegg til rase er migrasjon ein rød tråd i boka. Ifemelus observasjonar gjev gjenklang også til den norske innvandringsdebatten:

“Alexa, and the other guests, and perhaps even Georgina, all understood the fleeing from war, from the kind of poverty that crushed human souls, but they would not understand the need to escape from the oppressive lethargy of choicelessness”.

Dette er den andre boka eg les av forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie. Eg kan absolutt tilrå ei anna bok av same forfattar: “En halv gul sol”. Har du ikkje lese nokon av dei, så er der altså eit fabelaktig forfattarskap å kosa seg med denne våren. Eg vonar ho har fleir på lager!

Illustrasjonsfoto: Adichie-236 av Howard County Library System, CC BY-NC-ND 2.0.

One comment

Leave a comment

Your email address will not be published.