Oslo i sentrum

At alle me som ikkje bur i Oslo klagar over at dei i Oslo ikkje bryr seg om anna enn det som skjer i Oslo, er ein klassiskar. Som vestlending har eg gjort ein del av dette; så mykje at eg eigentleg er blitt litt lei. Men etter at lesa meg opp på kommunereformen her ein dag, ser eg meg nøydd til å skriva eit innlegg om Oslosentrismen.

Eg har vore Oslobuar i mange år. Ein av dei tinga som er skikkeleg deilig med å bu i Oslo, er at ein slepp å reisa når ein skal på møte. Alle møter føregår i Oslo, og det er jysla praktisk når ein bur i Oslo. Ein annan ting er at vêrvarselet for Oslo ofte er å finna på framsida av Dagbladet og VG, i staden for bakerst i lag med resten. Å bu i Bergen derimot, forbinder eg med stadig å hissa meg opp over folk i “det sentrale austlandsområdet”. Dei som styrer landet og som ikkje fattar noko som helst av, og heller ikkje bryr seg om, kva som skjer på Vestlandet.

Som vestlending og gamal Oslohatar er det noko trygt og godt med å flytta til Nord-Noreg. Å hata hovudstaden, maktelita og klaga over at dei der nede ikkje bryr seg om oss her oppe, det er ein sjanger folk kan her nordpå. Det finst ikkje betre integreringsstrategi for ein søring enn å erklæra seg møkk lei av Oslo.

Å lesa Kriterier for god Kommunestruktur – kunnskapsgrunnlaget for kommunereformen fekk eg vatn på mølla: Der finst ikkje ei einaste konkret vurdering av kva konsekvensar kommunereformen vil ha for plassar som Steigen, det vil seia stader med lite folk, store avstandar og komplisert samferdsselsstruktur.

Derimot blir det gjort mange konkrete vurderingar av kva konsekvensar reformen vil kunne ha for Osloregionen. Bergen, Stavanger og Trondheim blir nemnt som døme på stader som bør bli meir som Oslo. “Nord-Norge”, “Troms”, “Finnmark”, “Nordland”, “Tromsø”, “Bodø”, “Alta” er ord som ikkje finst i utgreiinga.

I utgreiinga lister dei opp ei heil rekke abstrakte prinsipp som “ekspertane” meiner bør ligga til grunn for reforma. Til dømes skriv dei at ein integrert arbeidsmarknad bør vera éin kommune. Ettersom Oslo ein heil haug med kringliggande kommunar er eit integrert arbeidsmarknad, må konsekvensen bli at Asker, Bærum, Nesodden, halve Østfold, Lillestrøm (og ein heil haug andre) blir ein kommune. Likevel kjem ekspertane fram til at ein her må gjera eit unntak: av omsyn til lokaldemokratiet (i Asker og Bærum), kan ein ikkje bli snakk om eit slikt giga-Oslo.

Er det noko småkommunane er uroa for, så er det kva som vil skje med lokaldemokratiet og sjølvråderetten ved ei kommunesamanslåing. Viss Bodøfolket skal regjera over eit stor-Bodø, vil dei då sjå sitt snitt til å opna opp for storstilt utbygging av fritidseigedommar, som står tome heile året, i bygdene våre?

Ekspertutvalet kunne ha skrive litt om kva som vil skje i Finnmark dersom ein bestemmer seg for å laga kommunar etter prinsippet om minimum 15.000-20.000 innbyggarar. Dei kunne ha sagt noko konkret om korleis prinisppet om innbyggartal skulle vektast opp mot prinsippet om lokaldemokrati. Men det har dei altså ikkje ein gong teke seg bryet med å tenkja på.

Eg er ikkje prinsippielt mot å slå saman litt kommunar her i landet. Det kan godt henda at det er ein god ide i ein del tilfeller. Men viss reformen skal byggast på ein rapport som berre har auge for tilhøva i Oslo, og på abstrakte prinsipp som ingen har prøvd å testa ut på røyda, då er eg kritisk.

Kjelder:

  • Kunnskap og kommunereform, www.kun.nl.no
  • Kriterier for god Kommunestruktur.
  • Meld. St. 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner.

Illustrasjonsfoto: Oslo Skyline av Tore Bustad, CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content