Best på bygda eller i byen?

Korleis er det å voksa opp i byen og på bygda? Kor er det godt å voksa opp? Dette er nokre av dei sentrale spørsmåla som står på agendaen på årets Ungdatakonferanse, kor skal få snakka om kva unge skeive har å fortelja om det å bu på bygda.

Der er ei utbreitt oppfatning om bygda er ein kjip plass å bu for unge lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar), og at alle skeive derfor rømmer til byen. Men er det slik det eigentleg er? I forskingsprosjektet Skeiv på bygda intervjua me 24 skeive om korleis det å leva som ung lhbt-person på bygda i Noreg i dag. Kort fortald var bildet todelt:

På den eine sida. Ein del av dei me intervjua hadde opplevd mobbing, einsemd og utanforskap og trivdes ikkje på staden der dei vaks opp. Peter på 17 år hadde dette å fortella om heimstaden sin:

Det er ikke særlig mange folk her. Å bo på Steinmo er for det meste veldig balete. Det er ensomt. Jeg har ikke noe særlig sosialt nettverk i det hele tatt. Jeg tenker at det i stor grad er på grunn av her jeg har vokst opp. Det er lite folk.

Peter fortel om einsemd, og knytter dette til at der er få folk på staden han bur. Han ser på seg sjølv som ein byperson og vil gjerne flytta til Oslo.

På den andre sida var der informantar som var svært entusiastiske til bygda si, og ville til livs myta om at alle skeive rømmer til byen. Vera for eksempel:

Jeg syns det er helt topp! Jeg kunne ikke fått det bedre. Jeg setter pris på å ha tilgang til fjellene. (…) I tillegg er det enkelt. Jeg kan springe til naboen og låne tilhenger. Og så er det en del kultur. Mye musikk, kunst og festivaler som jeg liker. Og så er her store arbeidsplasser der jeg kan finne interessante jobber.

Vera vaks opp på Venerstrand (fiktivt namn) og trivdes der. No har ho flytta tilbake og syns ikkje ho kunne hatt det betre enn i heimbygda. Vera er dessutan engasjert i å skapa møtestader for skeive i heimbygda. For ho er det godt å vera skeiv på bygda, og ho vil bidra til at det også skal vera det for andre.

Me som skreiv rapporten Skeiv på bygda har vore opptekne av ei balansert framstilling. Nokon fortel først og fremst om utanforskap, medan andre fortel om lukkelege liv på landet. Dei fleste opplever både moglegheiter og utfordringar i livet sitt. Nokon gonger er dette tett knytt til staden dei bur på, men andre gonger ikkje. Uansett er det viktig å ikkje undervurdera verken det positive eller det negative ved å vera skeiv på bygda.

Ein del informantar fortalde om utanforskap og alvorleg mobbing på skulen, men meinte ikkje dette var noko særskilt for staden der dei vaks opp. Som også mobbeforskinga viser så er skjellsord og trakassering knytt til kjønn, utsjåande og seksuell orientering svært vanleg. Me veit dessutan at skeive ungdommar er særleg utsette. At skulane, både på bygda og i byen, tek tak i slik mobbing er derfor svært viktig for at skeive ungdommar skal ha det bra på staden dei bur. Derfor er ei av anbefalingane i rapporten ei landsdekkende satsing for å forebygge kjønnsbasert mobbing og seksuell trakassering i skolen.

Eit anna gjennomgåande poeng blant informantar var kor viktig det er med helsepersonell som har god kunnskap om seksuell orientering og kjønnsidentitetstematikk, og som evner å møta folk på ein åpen og lyttande måte. Fleire av våre informantar sakna dette i møte med helsevesenet. Sunniva og Hege til dømes, opplevde å bli usynleggjort då dei var på omvisning på fødeavdelinga.

Jordmora som hadde omvisningen, hun skulle fortelle om fars rolle, og da sa hun: “Vet du hva, jeg vet det er en medmor her, men jeg omtaler det som far jeg”.

Og Jim, ein ung transperson, hadde dette å seia om møte med helsevesenet:

Jeg har lært opp min egen psykolog. Fikk han til å ringe Riksen og lese seg opp på nettet.

Slike møter med helsevesenet er dessverre ikkje uvanleg for skeive, verken i byen eller på bygda. Ei anna viktig anbefaling er derfor eit systematisk arbeid for å sikra at helsevesenet møter alle på ein like god måte, uavhengig av kjønn og seksuell orientering.

Som arrangørane av Ungdatakonferansen slår fast: “Det å skape gode betingelser for barn og unges oppvekst er sentralt i lokal politikkutforming”. For å skapa gode levekår for unge skeive, både på bygda og i byen, er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn, ein mangfaldig befolkning og stor takhøgde for ulike menneske og interesser.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content